Mick Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mick Hill
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 22. oktober 1964 (59 år)
Leeds
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Mick Hill, fullt namn Michael Christopher Hill, (fødd 22. oktober 1964) er ein britisk tidlegare spydkastar frå Leeds som vann bronsemedaljen i øvinga under VM 1993 og sølvmedaljen under EM 1998.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1986-2002 kvalifiserte Hill seg til finalen i 14 av dei 16 største meisterskapane. Han vann bronsemedaljen under VM 1993 i Stuttgart, trass i moderate 82,96 meter. Hill gjorde sine beste meisterskapskast ved VM 1997 og EM 1998. Ved verdsmeisterskapen i Aten 1997 vart han fjerdemann med sine 86,54 m, 10 cm kortare enn bronsemedaljøren. Året etter forbetra han seg til 86,92 m og sikra sølvmedaljen ved EM i Budapest, slått med neste tre meter av landsmannen Steve Backley, men ein liten halvmeter framom tyske Raymond Hecht og russiske Sergej A. Makarov på dei neste plassane.

Hill sette sin personlege rekord på 86,94 meter i eit stemne i London 13. juli 1993.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]