Midhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For rutebåten, sjå MS «Midthordland».
Distrikt i Hordaland:██ Nordhordland██ Midthordland██ Sunnhordland██ Hardanger██ Voss

Midthordland (Midhordland) er eit område som omfattar den midtre delen av kyst- og fjordstrøka i Hordaland fylke.

Området, slik det oftast vert definert i dag, ligg mellom Selbjørnsfjorden, Langenuen og Bjørnafjorden i sør og Fedjeosen, Hjeltefjorden, Herdlafjorden og Sørfjorden ved Osterøy i nord. Det strekkjer seg austover til fjellområda på grensa mot Kvam herad i Hardanger. Midhordland var tidlegare ei administrativ eining i kyrkjeleg og rettsleg samanheng. Midthordland prosti var sett saman av kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Os, Fusa, Samnanger og Øygarden på 1320 km2. Prostiet vart lagt ned i 2014, og kommunane (sokna) vart førte over til andre prosti. Midhordland utgjorde også eit tingrettsdistrikt svarande til prostiet, med unntak av Øygarden. Kommunane i Midthordland er no lagde under Bergen tingrett.

Av kommunane i Midthordland ligg Bjørnafjorden, Samnanger og Bergen på fastlandet, medan dei andre ligg berre på øyar. Tettast busetnad utanom Bergen er det i kommunane Askøy, Øygarden (gamle Fjell) og Bjørnafjorden (gamle Os) som alle har mykje pendling til Bergen. Austevoll er knytt til Krokeide i Fana ved bilferje. Elles har alle dei store øyane har ferjefritt vegsamband med Bergen. Dette har ført med seg ein sterk folkeauke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var sorenskriveri-inndelinga frå 1847 som var opphavet til omgrepet "Midthordland". Før det var distriktet delt mellom Sunnhordland og Nordhordland. Grensa mellom dei tidlegare futedøma gjekk i Korsfjorden og Lysefjorden, og vidare over land mellom Os og Samnanger sørom grensa og Fana og Haus nordom.


Kommunar i Midthordland[endre | endre wikiteksten]

Nr Våpen Namn Folketal Flatemål Målform
4601 Bergens kommunevåpen Bergen kommune 465 Nøytral
4623 Samnangers kommunevåpen Samnanger kommune 269 Nynorsk
4624 Bjørnafjordens kommunevåpen Bjørnafjorden kommune 517 Nynorsk
4625 Austevolls kommunevåpen Austevoll kommune 117 Nynorsk
4626 Øygardens kommunevåpen Øygarden kommune 315 Nynorsk
4627 Askøys kommunevåpen Askøy kommune 100 Nøytral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]