MS «Midthordland»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Midthordland.JPG
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Midthordland»
Eigar: Det Midthordlandske Dampskibsselskab
Verft: A/S StordStord
Verftsnummer: 2
Sjøsett: 25. mars 1947
Døypt: av Lise Hauge
Overtatt: 5. desember 1947
Sett i teneste: 1913
Teke ut av teneste: 1970
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JXNN
Kallenamn: Bjørnefjordens Dronning
Generelle mål
Type: Sjøbuss
Tonnasje: 182 brt
Daudvekt: 30-40
Lengd: 38,45 m
Breidd: 6,00 m
Djupgang: 2,80 m
Installert effekt : 400 hk
Framdrift: Wichmann dieselmotor 2-T 6AD
Fart: 12,5
Passasjerar: 288 passasjerar
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MS «Midland»
Eigar: Ljungvik og Carlsson A/B
Overdratt: 11. mars 1971
Heimehamn: Gøteborg
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MS «Marina»
Eigar: Skagerak Kryss A/B
Overdratt: 1. mai 1971
Heimehamn: Marstrand
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: MS «Midland»
Eigar: Mai 1976: Torbay Sea Cruises Ltd.
Oktober 1976: SM ALI SST
Heimehamn: Brixham
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: MS «St. Lucy»
Eigar: F.J. Pitherd & Dlatto
Overdratt: 1976
Heimehamn: London
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Sunrise II»
Eigar: Per Fagerlid-Olsen A/S
Overdratt: 28. april 1987
Heimehamn: Svelvik
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Midthordland»
Eigar: Stiftinga Midthordlands Dampskipsselskap
Overdratt: Juli 1994
Heimehamn: Os

M/S «Midthordland» er ein sjøbuss som gjekk i rute i Midhordland frå 1948 til 1970. Skipet var det første båten som vart bygd på A/S Stord (i dag Aker Stord) og fekk bygg nr. 2 (bygg nr. 1 var ein lekter).

Båten vart bygd for Det Midthordlandske Dampskipsselskap. Ho vart sjøsett 25. mars 1947 og overlevert den 5. desember same året. Båten vart klassifisert for innaskjersfart med sertifikat for 288 passasjerar.

«Midthordland» vart bygd med slanke og moderne linjer og teikna av skipskonstruktøren Knud E. Hansen i København i Danmark. Skroget vart bygd i stål med overbygg i aluminium for å halde skrogvekta så låg som mogeleg. Hovudsalongen vart bygd i lys bjørk med mahognylister og har sitteplass til 76, samt to passasjerlugarar. I overbygget er òg eit overbygd promenadedekk.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Skipet gjekk i ruta Tysnes, Sævareide og SamnangerBjørnefjorden. Det gjorde òg rundturar i Bjørnefjorden med turistar frå hotella Solstrand og Godøysund, ofte med utanlandske turistar. På grunn av dette fekk skipet raskt kallenamnet «Bjørnefjordens Dronning».

«Midthordland» vart råka av ein orkan i januar 1949 og grunnstøtte. Med store skadar måtte skipet til reparasjon, men då ingen norske verft hadde kapasitet ti å ta imot skipet, måtte det slepast til Nederland. Sommaren 1949 vart skipet tilbake i drift. «Midthordland» heldt fram i same rute fram til 1970, då det ikkje var grunnlag for å halde fram ruta. I januar 1961 vart «Midthordland» kjøpt av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap.

Skipet vart i 1971 seld til Ljungvik og Carlson A/B i Gøteborg og fekk namnet M/S «Midland». Det var meininga at skipet skulle gå i rute mellom Sverige og Danmark, men vart same året seld til Skaterak Kryss A/B i Marstrand i Sverige og fekk namnet «Marina». Selskapet fekk økonomiske problem og i 1973 overtok forsikringsselskapet Dovre i Oslo skipet. I 1976 vart skipet seld vidare tre gonger, første gong til Torbay See Cruises Ltd. i Brixham i Storbritannia, som gav ho namnet «Midland», andre gong til SM ALI SST og til slutt FJ Pitherd & Dlatto i London. Sistnemnde døypte ho «St. Lucy». I London vart skipet nytta til flytande demonstrasjonssenter for vernetiltak og seinare som flytande klubbhus.

I 1987 hamna skipet tilbake til Noreg då Per Fagerlid-Olsen A/S i Svelvik kjøpte skipet. Skipet fekk då namnet «Sunrise II» og vart nytta som turbåt i Oslofjorden. I 1991 gjekk skipet på land ved Drøbak då styrestaget rauk. Skipet vart reparert og heldt fram turar i Oslofjorden til 1993. K.S. Carnical i Drammen kjøpte skipet i 1994 og planen var å få skipet tilbake til Hordaland. Same året fekk skipet tilbake det opphavlege namnet, M/S «Midthordland», under ein dåpsseremoni i Eikelandsosen i Fusa. I oktober 1995 fekk skipet, som den første etterkrigsbåten i landet, status som verna skip. Dette gjorde mellom anna at skipet fekk offentleg økonomisk støtte.

I dag vert skipet nytta til blåturar omkring i Midt- og Sunnhordland. Det vart installert ein ny motor, Catepillar, på 550 hk. Den gamle motoren vart overlevert til Norsk Motor Museum i Skånevik i Sunnhordland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 21-23. ISBN ISBN 82-95726-0-6 Sjekk |isbn=-verdien: invalid character (hjelp).