Mika Myllylä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mika Myllylä


Statsborgarskap Finland
Fødd 12. september 1969
Uleåborg
Død

5. juli 2011 (41 år)
Kokkola

Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, cross-country skiing at the 1998 Winter Olympics, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999

Mika Kristian Myllylä (12. september 19695. juli 2011) var ein finsk langrennsløpar fødd i Haapajärvi i Finland, men oppvaksen i Trollhättan i Sverige.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Mika Myllylä gjorde det sterkt som skiløpar på nittitalet. Under Vinter-OL 1994Lillehammer tok han eitt sølv og to bronse. Han tok gull under Ski-VM 1997 i Trondheim, og under Vinter-OL 1998 i Nagano tok han gull på 3-mila i tillegg til to bronsemedaljar. Under ski-VM 1999 i Austerrike vart han den store vinnaren med tre individuelle gullmedaljar.

Ski-VM 2001 i Lahti vart den store nedturen for Myllylä, då han og fire andre finske løparar testa positivt for doping. Dei hadde brukt stoffet hemohes, vart fråtekne den nyvunne gullmedaljen i stafett og vart utestengde frå skisporten i to år i ettertid.

Myllylä vende aldri tilbake til skisporten på same nivå. Han deltok i nokre skitevlingar i Finland, men la skia på hylla i 2005. Det vart snart kjent at Myllylä sleit med alkoholproblem.

I 2011 vart Myllylä funnen død i bustaden sin i Kokkola i Vest-Finland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]