Mikael Kildal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikael Kildal
Fødd29. desember 1812
Død26. april 1884 (71 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Mikale Heggelund Kildal (29. desember 181226. april 1884) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann frå BorgundSunnmøre. Peter Kildal og Daniel Kildal var brørne hans.

Kildal var fødd på Sørnes i Borgund, i dagens Ålesund, der far hans var sorenskrivar. Sjølv vart han student i 1830 og cand. jur. i 1835. Neste fem åra var han fullmektig hos sorenskrivar, i 1840 var han prokurator i Telemark. Frå 1841 og i vel 20 år var han prokurator i Ringsaker, der han gifta seg til garden Refling. 1862 vart han sorenskrivar for søre Hedmark, året etter for nordre Hedmark. Dette embetet hadde han til han døydde.

Kildal representerte Hedmark på Stortinget 1848, 1854, 1857, 1858, 1859-60, 1865-66 og 1868-69. Han var i 1848 sekretær i Odelstinget og i protokollkomiteen, samt medlem i adressekomiteen. I 1854 var han medlem av og i 1857 formann i justiskomite nr. 2, i 1857 også medlem av jarnbanekomiteen og komiteen om fengselslova. Han var i 1859-60 medlem av justiskomite nr 1 og valkomiteen, deltok i 1860 deputasjonen til kongekryninga i Stockholm. 1865-66 var han medlem av justiskomite nr 1 og valkomiteen, samt formann i komiteen om hjelpekyrkje for kyrkjelyden ved domyrkja i Trondheim. På sitt siste storting 1868-69 var han medlem av Lagtinget, formann i gasje- og pensjonskomiteen, pluss medlem av valkomiteen. Han var 1859 medlem av skoglovskommisjonen.

Kildal var ordførar 1843-47 i Ringsaker, og ofte medlem av heradstyret heilt fram til han døydde i 1884 på garden sin i Ringsaker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914