Mike Botts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mike Botts
Fødd 8. desember 1944(1944-12-08)
Oakland i California
Død

9. desember 2005 (61 år)
Burbank i California

Instrument

trommer, perkusjon

Yrke musikar
Tilknytte artistar Bread, Bill Medley, Linda Ronstadt, Karla Bonoff, Andrew Gull, Richard Carpenter, Dan Fogelberg

Michael G. Botts (8. desember 19449. desember 2005) var ein USA-amerikansk trommeslagar, mest kjend som medlem av softrockbandet Bread og studiomusikar.

Han byrja i bandet The Travellers Three og arbeidde så som studiomusikar. Bandet spelte inn nokre songar med produsenten David Gates. Medan han arbeidde med Bill Medley, vart Botts invitert med i bandet til Gates, Bread, for det andre albumet deira. Han var fulltidsmedlem i bandet frå 1970 til 1973. Botts byrja så arbeide med Linda Ronstadt, og spelte med ho i over to år. Botts kom saman att med Bread i 1976 for eit siste album og turné, før bandet omsider vart oppløyst i 1978.

Han arbeidde så med Karla Bonoff og Andrew Gull, og spelte på hitten til Gull frå 1977, «Lonely Boy», og fortsette å arbeide i studio som som musikar, låtskrivar og produsent. I 1989 turnete han i Japan med Richard Carpenter. To år seinare turnerte han med Dan Fogelberg. I 1996 vart Bread samla att for ein verdsturné som varte til hausten 1997. Botts spelte sidan inn det einaste soloalbumet sitt, Adults Only, i 2000.

Botts døydde i Burbank i California, ein dag etter 61-årsdagen sin, etter tjukktarmskreft.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]