The Guitar Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Guitar Man
Singel av Bread
frå albumet Guitar Man
Utgjeve 1972
Sjanger Rock, softrock[1]
Lengd 3:46
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) David Gates
Produsent David Gates

«The Guitar Man» er ein song skriven av David Gates og spelt inn av gruppa hans, Bread. Songen kom først ut på albumet Guitar Man i 1972. Songen er ei blanding av softrock, med strykarar og akustisk gitar, i tillegg til elektrisk gitar med wah-wah-effekt, spelt av Larry Knechtel. Singelen nådde 11. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA og den tredje førsteplassen deira på easy listening-lista,[2] (etter «If» og «Baby I'm-a Want You»).
Melodien til songen er kompleks og det vert nytta 12 forskjellige akkordar, som er heller uvanleg for ein popsong.

Songen har sidan blitt spelt inn av David J i 2003 på albumet Estranged, Cake i 2004 på albumet Pressure Chief, Starflyer 59 i 2007 på vinylsamlinga Ghosts of the Future og av Bobby Bare jr. på EPen American Bread. Hank Marvin gav ut albumet Guitar Man med ein versjon av denne songen.

I 2012 spelte Wreckless Eric og Amy Rigby inn ein versjon av songen for veldedigheitsplata Super Hits of the Seventies for radiostasjonen WFMU.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Soft Rock Music - What is Soft Rock? - Oldies Music Songs and Artists
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 39. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]