Everything I Own

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Everything I Own
Singel av Bread
Utgjeve 29. januar 1972
Sjanger Rock, softrock
Lengd 3:07
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) David Gates
Produsent David Gates
Bread-kronologi
«Baby I'm-a Want You»
1971
Everything I Own «Diary»
1972


«Everything I Own» er ein song skriven av David Gates og spelt inn av bandet hans Bread i 1972 for albumet Baby, I'm a Want You.

I følgje boka 1000 UK #1 Hits av Jon Kutner og Spencer Leigh skreiv Gates songen som ein hyllest til faren med setningar som «You sheltered me from harm, kept me warm, gave my life to me, set me free».[1]

Bread-innspelinga nådde femteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Billboard rangert songen på 52. plass for 1972.[2]

Boy George-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Everything I Own
Singel av Boy George
B-side «Use Me»
Utgjeve 1987
Innspelt 1986 i Montserrat
Sjanger Reggae
Lengd 4:00
Selskap Virgin Records
Produsent Stewart Levine
Boy George-kronologi
«Gusto Blusto» (med Culture Club) (1986) Everything I Own «Keep Me in Mind» (1987)


Versjonen av Boy George nådde toppen av UK Singles Chart i to veker i mars 1987, og vart den første hitten hans som soloartist.[3] Det var òg den første solosingelen hans etter han gjekk frå bandet. Versjonen hans var meir lik Ken Boothe-versjnen i reggae-stil, og minnar noko om den tidlegare hitten til Culture Club, «Do You Really Want to Hurt Me?». Songen nådde òg toppen av listene i fleire land, som Canada, Italia, Noreg og Sør-Afrika, og topp 10 i enno fleire land.

Boy George spelte songen mange gonger på konsertane sine. Hans pelte inn songen akustisk (kalla Hippy Trippy Mix) og gav han ut på den amerikanske CD-singelen «Everything I Own», i 1993. Han vart òg gjeven ut i ein dub-versjon for plateboksen Culture Club 2002.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er Shirley Bassey, The Connells, Jack Jones, Ken Boothe, Olivia Newton-John, Georgie Fame, Boy George, *NSYNC, Jude, Rod Stewart, Crystal Gayle, Nicole Scherzinger, Chrissie Hynde, Greg London, Edison Lighthouse, Hernaldo Zuniga, Aiza Seguerra, Vanessa Hudgens og Boyzone. Sjølv om songen ofte vert mistolka som ein kjærleikssong, skreiv Gates songen som ein hyllest til faren, då faren døydde.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Everything I Own by Bread Songfacts». Songfacts.com. 27. februar 1972. Henta 2. februar 2015. 
  2. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1972
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 472–3. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. «David Gates & Billy Dean «Everything I Own» 1994». YouTube. Henta 2. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]