Make It with You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Make It with You
Singel av Bread
frå albumet On the Waters
B-side «Why Do You Keep Me Waiting»
Utgjeve Juni 1970
Sjanger Softrock
Lengd 3:18
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) David Gates
Produsent David Gates
Bread-kronologi
«Could I»
(1969)
Make It with You «It Don't Matter to Me"
(1970)


«Make It with You» er ein song skriven av David Gates og opphavleg skriven av softrockgruppa Bread, der Gates var medlem. Songen vart godt teken i mot av easy listening-radiostasjonar i byrjinga av den songar-låtskrivar-driven softrocktida. Han nådde fjerdeplassen på Easy Listening-lista i USA.

Release[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først gjeven ut i 1970 på albumet On the Waters og så på singel i juni 1970. Dette vart den første topp 10-plasseringa til gruppa i USA og den eianste som nådde toppen av Billboard Hot 100, der han låg ei veke den 22. august 1970. Billboard rangerte songen som den 13. beste i 1970.[1] Singelen nådde femteplassen på UK Singles Chart i Storbritannia. Han selde til gullplate i USa for ein millionar selde eksemplar.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre The Supremes, Aretha Franklin, Earth, Wind & Fire, Dusty Springfield, Cilla Black, The Originals, The Main Ingredient, The Whispers, Marc Anthony, Teddy Pendergrass, Don Julian & The Larks, Let Loose, Dennis Brown, Andy Williams, Lou Donaldson, Tony Mottola og Marc Cohn.

Han vart òg spelt inn på andre språk, som spansk med «Quiero Hacerte El Amor» av Blvd med M C Blvd, som vart populær på vestkysten i USA. Ralfi Pagan nådde 32. plassen på på Billboard R&B-lista sommaren 1971 med ein latin-soul-versjon av songen, og av den Puerto Rico-amerikanske, spanske R&B-gruppa Barrio Boyzz i 1993 som «Cerca de Ti» (Close to You).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1970
  2. Joel Whitburn Top R&B Singles 1942 - 2004 ISBN 0-89820-160-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]