Mike d'Abo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mike d'Abo
ManfredMannDaveBerry.jpg
Frå venstre til høgre: Tom McGuinness, Dave Berry, Klaus Voormann, Mike Hugg, Manfred Mann, Mike d'Abo (Nederland, 1967)
Fødd1. mars 1944 (75 år)
FødestadBetchworth, Surrey, England
FødenamnMichael David d'Abo
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1960-åra
SjangerRock, pop, folk
InstrumentVokal, piano, gitar
Tilknytte artistarManfred Mann
A Band of Angels
The Manfreds
Verka somSongar-låtskrivar, musikar
Gift medMaggie d'Abo
BornOlivia d'Abo

Michael David d'Abo (fødd 1. mars 1944) er ein engelsk songar og låtskrivar. Han er mest kjend som den andre songaren i Manfred Mann, og song på den store hitten deira «Mighty Quinn». I tillegg skreiv han songen «Handbags and Gladrags» som vart ein hit for Chris Farlowe.

Early years[endre | endre wikiteksten]

D'Abo vart tenåring under den tidlege rock and roll-bølgja i England, og byrja å spele gitar og syngje. Medan han gjekk på Harrow School var han med å skipe A Band of Angels i lag med gitaristen og songaren John Graydon, gitaristen John Baker, bassisten Dave Wilkinson og trommeslagaren James Rugge-Price. Gruppa klarte å gjere seg kjend og spelte inn fire singlar (den siste, «Invitation», var skriven av d'Abo) for Pye Records sin Piccadilly-etikett og for United Artists Records. Det var ei fjernsynsframføring av «Invitation» tidleg i 1966, på showet A Whole Scene Going, som gjorde at Manfred Mann la merke til d'Abo. Dei drog til ein konsert for å sjekke han ut og tilbaud han jobben i bandet.

Med d'Abo i bandet fekk bandet ei rekkje britiske hittar, med «Just Like a Woman» sommaren 1966, «Semi-Detached Suburban Mr. James», «Ha Ha Said the Clown», og til slutt «The Mighty Quinn» tidleg i 1968, som gjekk heilt til topps på den britiske singellista. Manfred Mann vart oppløyst i 1969.

D'Abo vart òg ein dugande låtskrivar og skreiv songane «Handbags and Gladrags» og «Build Me Up Buttercup», som begge vart store hittar, sistnemnde for The Foundations. Sjølv for bandet offisielt vart oppløyst sommaren 1969, hadde d'Abo gjeve ut ein singel, «(See the Little People) Gulliver's Travels,» for Andrew Oldham sitt Immediate Records. D'Abo var ein av songarane på den originale studioproduksjonen av Jesus Christ Superstar (1970), som vart ein stor hit i USA. Eit studioalbum kalla D'Abo med Albert Lee på gitar, kom ut i 1970. I 1972 gav han ut Down at Rachel's Place, og to år seinare - med Graham Nash, Mike Bloomfield og The Jordanaires - gav han ut Broken Rainbows. I 1976 skreiv d'Abo songar i lag med Mike Smith, som var tidlegare vokalist og klaverspelar i The Dave Clark Five, og resultatet vart albumet Smith & d'Abo. Seinare har han gjeve ut Indestructible (1987) og Tomorrow's Troubadour (1988), som selde dårleg. D'Abo hadde likevel ein viss musikalsk suksess og skreiv songar for reklamar, og hadde ein suksess med ein jingel for sjokolade frå Cadbury's. Han spelte òg i eit band kalla Beat Goes On og eit danseband kalla Mike d'Abo & His Mighty Quintet. I 1990-åra spelte d'Abo og Jones begge i The Manfreds, eit band med dei gamle medlemmane i Manfred Mann, utanom Mann sjølv.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Album Selskap
1970 d'Abo UNI
1972 Down at Rachel's Place A&M
1974 Broken Rainbows A&M
1987 Indestructible President
1988 Tomorrow's Troubador President
2001 The Mike D'Abo Collection, Vol. 1: 1964–1970 – Handbags & Gladrags RPM
2003 A Little Miss Understood: Mike d'Abo Collection, Vol. 2 RPM
2004 Handbags and Gladrags: The Mike D'Abo Songbook President
2004 Hidden Gems & Treasured Friends Angel Air

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]