Hopp til innhald

Mikhail Botsjkarev-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mikhail Botsjkarjov-saka byrja med at den russiske IT-rådgjevaren hjå det russiske parlamentet vart arrestert laurdag 22. september 2018 på Gardermoen av PST, skulda for spionasje mot Noreg.[1] Dette skal ha hendt under digitaliseringsseminar i regi av Europeisk senter for parlamentarisk forsking og dokumentasjon (ECPRD) på Stortinget i dagane før arrestasjonen. NSM støtta PST i etterforskinga, og kverrsette noko elektronisk utstyr, mellom anna avlesingsutstyr til adgangskort. PST sa at mannen var sikta for brot på paragraf 121 i straffelova - etterretningsverksemnd mot statsløyndomar.[2] Den latviske avisa Meduza ser på denne saka som eit tydeleg samband til Frode Berg-saka.[3]

Mikhail Botsjkarjov vart varetektsfengsla fram til torsdag 18. oktober 2018,[4] men då gjekk ikkje retten med på meir varetekt av di PST ikkje hadde lagt fram flerie prov på spionasje. Tingretten la vekt på at Botsjkarjov hadde gjeve PST tilgang til alle data han hadde inkludert løynlege passord, og at PST saman med NSM burde ha god nok teknisk kunnskap til å gjere seg nytte av dette. PST anka likevel avgjerda til Borgarting lagmannsrett,[5] og fekk frist til fredag 19. oktober klokka 1200 med å finne prov som held til vidare fengsling.[6] Dette kunne dei ikkje, og Mikhail Botsjkarjov vart sett fri same fredagen.[7]

Etter dette, sa russiske parlamentsrepresentantar at dei ikkje ville delta på arrangement i Noreg utan garanti frå norske styresmakter mot slike grunnlause arrestasjonar og rettshandsaming.[8]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]