Mimi Kopperud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mimi Kopperud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. februar 1977 (47 år)
Yrke handballspelar

Mimi-Johanne Kopperud Slevigen (fødd 1. februar 1977) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Mysen i Østfold. Ho vann i 2001 VM-sølv og 2002 EM-sølv med Noregs landslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kopperud var målvakt på østfoldlaget Eidsberg i to sesongar frå 1994. I 1996 melde ho overgang til IK Junkeren i Bodø, eit lag nyopprykka til toppserien. Då klubben ikkje klarte overleve i toppserien, flytta ho i 1998 vidare til Sola HK. Sommaren 2000 fekk Kopperud kontrakt med Larvik HK. Dei komande sesongane vart ho seriemeister med Larvik-laget i 2001, 2002 og 2003, dessutan noregsmeister i 2002 og 2003. Sesongen 2004/05 avslutta ho sine år som aktiv med å spele på Skjeberg IF.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kopperud fekk sin landslagsdebut mot Danmark i februar 1999, men det var fyrst hausten 2000 ho var jamnt med i landslagstroppa. Ho deltok i EM 2000, VM 2001 og EM 2002. Både under finalen i verdsmeisterskapen 2001 og EM-finalen 2002 måtte ho og dei norske mannskapa tole tap, i VM mot Russland og i EM mot Danmark. Ho danna målvaktspar med Cecilie Leganger i VM 2001 og med Heidi Tjugum i EM 2002. Kopperud spelte sin 59. og siste landskamp i september 2003.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]