Marius Lăcătuș

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marius Lăcătuș
Marius Lăcătus.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Marius Mihai Lăcătuş
Fødd 5. april 1964 (56 år)
Fødestad Brașov i Romania
Høgd 181 cm
Posisjon  Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981–1983 Brașov 45 (5)
1983–1990 Steaua Bucureşti 200 (59)
1990–1991 Fiorentina 21 (3)
1991–1993 Oviedo 51 (7)
1993–2000 Steaua București 157 (39)
2000 Național București 12 (0)
Totalt 486 (113)
Landslag
1984–1998 Romania 84 (13)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Marius Mihai Lăcătuș (fødd 5. april 1964) er ein rumensk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Brasov. Han var med om å vinne Europacupen i fotball 1986 med FC Steaua București. Lăcătuș var angrepsspelar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Etter to sesongar i SR Brasov i heimbyen, spelte Lăcătuș frå 1983 sju år i FC Steaua București, I 1986 var han den fyrste som skåra i straffeskytinga då Steaua vann finalen i Europacupen i fotball, etter ein mållaus kamp. Elles i denne perioden med Steaua vart han seriemeister fem gongar i rad og han vann den nasjonale cupmeisterskapen tre gongar.

Sommaren 1990 vart Lăcătuș overført til Fiorentina i Italia. Året etter gjekk han vidare til Real Oviedo og spansk ligafotball. Etter tre lite vellukka sesongar utanlands, vende han i 1993 tilbake til Steaua București der han på ny var med om å vinne serien fem gongar i rad og cupmeisterskapen tre gongar. Frå hausten 1999 var han aktiv ein halv sesong i National București.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Lăcătuș fekk sin landslagsdebut i januar 1984 og aksla landslagstrøya siste gongen under VM i fotball 1998. Han spelte også i Fotball-VM 1990 i Italia og Fotball-EM 1996 i England. Gjennom desse 15 sesongane med Romanias landslag deltok han i 84 landskampar og skåra 13 mål, mellom anna begge måla då Sovjetunionen i Bari vart slått 2-0 i gruppespelet under Italia-VM 1990.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Europacupen: 1986 med FC Steaua București
  • Tapande finalist i Europacupen: 1989 med FC Steaua București
  • Seriemeister: 1985-89 og 1994-98: FC Steaua București
  • Cupvinnar: 1985, 1987, 1989, 1996, 1997, 1999: FC Steaua București

Kjelder[endre | endre wikiteksten]