Mitchell Froom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mitchell Froom
Fødd29. juni 1953 (66 år)
OpphavUSA
Aktiv1982 til i dag
InstrumentKlaverinstrument
Kjende instrumentpiano
PlateselskapKontextrecords
Verka somPlateprodusent, musikar, låtskrivar
Gift medSuzanne Vega

Mitchell Froom (fødd 29. juni 1953) er ein USA-amerikansk musikar og plateprodusent.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Froom byrja karrieren sin som klaverspelar i Sonoma County i California. Bandet Crossfire hadde to klaverspelarar, Mitchell på eine sida av scenene, og broren David på den andre, med Gary Pihl på gitar. Han spelte òg klaverinstrument i den Ronnie Montrose-leia gruppa Gamma på det tredje albumet deira, Gamma 3, i tillegg til på soloalbum av David LaFlamme, White Bird og Inside Out.

Han produserte dei tre første Crowded House-albuma, som førte til fleire jobbar som produsent med Richard Thompson, Los Lobos, American Music Club og Suzanne Vega.

Mellom 1992 og 2002 slo han seg saman med lydteknikaren Tchad Blake. I lag arbeidde dei på album med American Music Club, Stevie Ann, Tasmin Archer, The Bangles, Peter Case, The Corrs, Elvis Costello, Sheryl Crow, Crowded House, The Ditty Bops, Tim Finn, Missy Higgins, Indigo Girls, Paul McCartney, Robin Gibb, Maria McKee, Pat McLaughlin, Randy Newman, Nerina Pallot, Pearl Jam, Phantom Planet, Bonnie Pink, Daniel Powter, Bonnie Raitt, Ron Sexsmith, The Del Fuegos, Richard Thompson og Suzanne Vega. Froom og Blake slo seg saman med David Hidalgo og Louie Perez frå Los Lobos og danna det eksperimentelle roots-bandet Latin Playboys.

Froom har produsert over 60 album[1] og har skrive og produsert musikk for mange filmar.[2] Han har vore nominert til fleire Grammy-prisar, mellom anna for årets singel med «La Bamba» av Los Lobos (1988) og årets produsent i 1993 for både Kiko av Los Lobos og 99.9F° av Suzanne Vega.[3] Han vart òg nominert til Golden Globe i 1998 og til Grammy for beste song for film, fjernsyn og andre media i 1999 som medlåtskrivar i lag med Sheryl Crow for kjenningsmelodien til James Bond-filmen «Tomorrow Never Dies».[4]

Som musikar har Froom gjeve ut to soloalbum, Dopamine (1998) og A Thousand Days (2005). Songen «Noodletown» frå Dopamine vann han ein Emmy då han vart nytta som kjenningsmelodi i PBS sin Sessions at West 54th.[5]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Dotter hans Charlotte (f. 1986) er tidlegare bassist i The Like. Mora til Charlotte er Connie Jester, som var den første kona hans.

Froom gifta seg med Suzanne Vega i 1995, men dei gjekk kvar sin veg i 1998. Han gifta seg med Vonda Shepard i 2004.

Broren David Froom er ein klassisk komponist og leiar i musikkavdelinga ved St. Mary's College of Maryland.

Froom er av rumensk opphav.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]