Moonshadow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moonshadow
Singel av Cat Stevens
frå albumet Teaser and the Firecat
B-side
Språk engelsk
Utgjeve September 1970 (UK)
June 1971 (USA)
Innspelt Juli 1970
Studio Morgan Studios i Willesden i London
Sjanger Folkrock, softrock
Lengd 2:52
Selskap Island (UK/Europe)
A&M (US/Canada)
Komponist Cat Stevens
Tekstforfattar Cat Stevens
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent Paul Samwell-Smith
Cat Stevens-kronologi 
«Wild World»
(1970)
Moonshadow «Peace Train»
(1971)


«Moonshadow» er ein song skriven og framført av Cat Stevens, først gjeven ut som singel i Storbritannia i 1970 på Island og i USA i 1971 på A&M. Songen kom òg ut på albumet hans Teaser and the Firecat i 1971.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Stevens reknar dette som sin favoritt av dei gamle songane sine.[1] Då Yusuf dukka opp på The Chris Isaak Hour i 2009, sa han om denne songen:

«Eg var på ferie i Spania. Eg var ein gut frå West End - lyse lys og så vidare. Eg fekk aldri sjå månen åleine i mørket, det var alltid gatelykter. Så der var eg ved vasskanten ei vakker natt med månen glødande, og plutseleg såg eg ned og såg skuggen min. Eg syntest det var så kult, eg hadde aldri sett det før.»

Ein animert kortfilm med songen var ein del av spelefilmen Fantastic Animation Festival som vart gitt ut i 1977.[2] Animasjonen byrjar med eit stillbilete av Teaser og kjæledyret hans Firecat, avbilda slik dei ser ut på coveret til albumet som ber namnet deira. Biletet kjem til liv, og i løpet av animasjonen finn dei den falne månen, rir på han medan han flyg, og finn ein måte å erstatta han på himmelen. Byrjinga og slutten av historia vart skriven av Cat Stevens og fortalt av Spike Milligan.[2] Videoen blir òg vist som eit spesialinnslag på Majikat-konsert-DVD-en.[3]

I mai 2012 hadde Moonshadow, ein ny musikal av Yusuf med musikk frå heile karrieren hans, premiere på Princess Theatre i Melbourne, Australia. Framsyninga fekk blanda kritikkar og stengde fire veker før tida.[4][5]Somers, Sarah (4. juli 2012). «Moonshadow - The Musical Closes Early». Henta 14. april 2023. </ref>

Songen står oppført som «Moon Shadow» på både den britiske og amerikanske versjonen av singelutgivinga.[6][7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

«Moonshadow» nådde 30. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og 10. plassen på Easy Listening-lista.[8]

Liste (1971) Plassering
UK Singles (The Official Charts Company)[9] 22
U.S. Billboard Easy Listening 10
US Billboard Hot 100 30
Canada RPM[10] 26
Canada RPM AC[11] 20

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Finst på fleire Greatest Hits-album av Roger Whittaker.
  • Spelt inn av Labelle for albumet deira frå 1972, òg med tittelen Moon Shadow.
  • Ein versjon av Liz And the Kids nådde 28. plassen på den kanadiske AC-lista, 29. juli 1972.[12]
  • Spelt inn av Mandy Moore på coveralbumet Coverage frå 2003. Moore har òg spelt «Moonshadow» i NBC sitt familiedrama This Is Us sidan 2017

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Moonshadow». www.songfacts.com. 
  2. 2,0 2,1 «Fantastic Animation Festival». Internet Movie Database. 
  3. Viglione, Joe (2004). «Majikat: Earth Tour 1976 [DVD] Review». www.allmusic.com. Henta 14. april 2023. 
  4. Le Grand, Chip (1. juni 2012). «Moonshadow Musical keeps us guessing». www.theaustralian.com.au. The Australian. Henta 14. april 2023. 
  5. Somers, Sarah (4. juli 2012). «Moonshadow - The Musical Closes Early». www.theatrepeople.com.au. Henta 14. april 2023. 
  6. «Cat Stevens – Father And Son / Moon Shadow». Discogs. 
  7. «Cat Stevens – Moon Shadow». Discogs. 
  8. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 228. 
  9. «officialcharts.com». officialcharts.com. Henta 12. november 2021. 
  10. «RPM Top 100 Singles - 21. august 1971» (PDF). 
  11. «RPM Top AC Singles - 14. august 1971» (PDF). 
  12. «RPM Top AC Singles - 19. juli 1972» (PDF).