Bruce Lynch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruce Lynch
Fødd1. juni 1948 (75 år)
OpphavNew Zealand
AktivSidan 1970-åra
Sjangerpop, rock
InstrumentBassgitar
Kontrabass
Bass-synthesizer
Tilknytte artistarCat Stevens, Atlas, Zed, Morrissey–Mullen
Verka somMusikar
plateprodusent
arrangør

Bruce Lynch (fødd 5. juni 1948) er ein newzealandsk bassist, plateprodusent og arrangør.

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Lynch kom til Storbritannia på midten av 1970-talet og vart ein kommersielt suksessfull studiomusikar, og turnerte mykje med Cat Stevens, inkludert Stevens sin Earth-turné i 1976 som sidemann som vart spelt inn som albumet Majikat. Han medverka på seks av Stevens sine album. Kona hans Suzanne Lynch song korvokal mykje av denne tida. Han spelte òg inn på to album for Richard Thompson, og eit album med Rick Wakeman og dessutan på Chris Rea-albumet Tennis frå 1980 og på Kate Bush sitt debutalbum. Medan han var i Storbritannia var han òg ein tidleg medlem av det britiske jazzfusion-bandet Morrissey-Mullen, saman med den newzealandske studiomusikaren Frank Gibson jr. på trommer.

Då han vende tilbake til New Zealand i 1981, byrja han å arrangera og orkestrera for newzealandsk fjernsyn og jazzensemble. Seinare vart han plateprodusent, og produserte mellom anna Kiri te Kanawa-albumet Maori Songs, «(Glad I'm) Not a Kennedy» av Shona Laing, og fekk to New Zealand Music Awards: i 1981 som Årets Produsent for Dave McArtney and the Pink Flamingos, og i 1986 som Beste produsent, for Peking Man.[1]

Den 18. september 2020 gav Yusuf/Cat Stevens ut Tea for the Tillerman 2, ei nyinnspeling av albumet Tea for the Tillerman frå 1970.[2] Lynch spelte bass på den nye innspelinga, og diskuterte bakgrunnen og detaljane om korleis dette skjedde med Jesse MulliganRNZ.[3]

Sonen til Bruce, Andy Lynch, er òg ein kjend gitarist. Han har spelt med Sting og var tidlegare gitarist i bandet Zed. Han speler for tida med det newzealandske bandet Atlas. Han skreiv musikk til fleire Power Rangers-seriar etter at produksjonen av serien flytta til Auckland og skreiv temasongen til Power Rangers Mystic Force.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Cat Stevens[endre | endre wikiteksten]

Med andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. allmusic
  2. Yusuf /Stevens, Cat. «New Album: Tea for the Tillerman²». Cat Stevens/Yusuf. Henta 22. september 2020. 
  3. Mulligan, Jesse (22. september 2020). «Music Feature – Cat Stevens' Tea for the Tillerman 2». RNZ. Henta 22. september 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]