Alun Davies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alun Davies
Fødd21. juli 1942 (81 år)
FødestadWales
AliasDaydo
OpphavStorbritannia, Wales
AktivSidan 1963
Sjanger
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
  • vokalist
  • produsent

Alun Davies (fødd 1943) er ein walisisk gitarist, studiomusikar, plateartist og komponist som vart kjend som gitarist for den engelske musikaren Cat Stevens, frå 1970 til 1977.

Før samarbeidet med Stevens var Davies med på å skriva, syngja og spela på to album: i 1963, med Jon Mark, (då kjent som John Michael Burchell)[1] og i 1968, som medlem av bandet Sweet Thursday med Mark, klaverspelaren Nicky Hopkins, Harvey Burns og Brian Odgers, då folkrockmusikken framleis var i den spede byrjinga si. Då plateselskapet deira gjekk konkurs, vart Davies invitert til å bli med Cat Stevens som studiomusikar, som prøvde å endra stilen sin og avansera i musikkverda.

Davies si erfaring, liknande smak i den framveksande folkrock-sjangeren og evnar med gitar og stemme plasserte han i ei sentral rolle i karrieren til Stevens, noko som resulterte i hitlåtar og ei rekkje RIAA-sertifiserte gjennombrotsalbum. To slike album, Tea for the Tillerman og Teaser and the Firecat, dreiv Stevens til stjernestatus og ein fantastisk musikalsk karriere, og styrkte vennskapen mellom dei to mennene. Davies, som spelte inn eit soloalbum etter nokre år som musikar for Stevens, fann relativt liten kommersiell suksess på eiga hand, spesielt etter fleire år i den karismatiske skuggen til Stevens. Han heldt fram med å turnera med han og spelte inn på alle albuma hans bortsett frå eitt, inntil Stevens konverterte til islam og trekte seg tilbake frå popscena i 1977. Sidan den gong har mange plateboksar og samlealbum kome ut med Davies sitt gitararbeid og vokal på kvart album.

I slutten av 2005, då Stevens (no kjent som Yusuf Islam) kom tilbake igjen for å skriva og opptre, gjorde han det med vennskapeleg støtte frå venen og den mangeårige høgrehanda Davies, sjølv om det var gått nesten tre tiår, og dei to mennene hadde følgt ekstremt ulike vegar i mellomtida. Davies held fram med å opptre med Yusuf den dag i dag, i tillegg til å forfølgja andre musikalske prosjekt. Sjølv om han spelte på Yusuf si første comebackplate (An Other Cup, 2005), dukka han ikkje opp på Yusuf-plata Roadsinger (2009).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Album Label
1963 Relax Your Mind Decca Records
LK 4547
1968 Sweet Thursday Fontana Records/Tetragrammaton Records
1972 Daydo CBS Records

Med Cat Stevens[endre | endre wikiteksten]

Med Paul Williams & Friends[endre | endre wikiteksten]

Med Mark-Almond[endre | endre wikiteksten]

  • 1973 73

Med Stevens som Yusuf Islam[endre | endre wikiteksten]

Andre samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Murphy (1963). «Magicat: Relax Your Mind With Jon and Alun». Magicat Cat Stevens Fansite. Arkivert frå originalen 24. desember 2008. Henta 10. april 2023.