Paul Samwell-Smith
| Paul Samwell-Smith | |||
| | |||
| Fødd | 8. mai 1943 (82 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | London Borough of Richmond upon Thames | ||
| Fødenamn | Paul Smith | ||
| Opphav | Richmond, Surrey, England | ||
| Aktiv | Sidan 1960-åra | ||
| Sjanger | Blues rock, psykedelisk rock | ||
| Instrument | Bass, vokal, gitar, klaverinstrument, perkusjon | ||
| Tilknytte artistar | The Yardbirds Renaissance Box of Frogs | ||
| Plateselskap | Island | ||
| Verka som | Musikar, plateprodusent | ||
Paul Samwell-Smith (fødd 8. mai 1943 som Paul Smith) er ein britisk musikar mest kjend som opphavleg medlem og bassist i det engelske bandet The Yardbirds i 1960-åra, ei gruppe som starta karrieren til kjende musikarar som Jeff Beck, Eric Clapton og Jimmy Page. Samwell-Smith gjekk på skule i lag med Yardbirds-trommeslagaren Jim McCarty.
Medan han var i The Yardbirds var Samwell-Smith både produsent og lydteknikar på innspelingane deira, og arbeidde i lag med produsentar som Mickie Most, Simon Napier-Bell og Giorgio Gomelsky. Han slutta i The Yardbirds i juni 1966 for å satse på ein karriere som produsent.
Tidleg i 1980-åra spelte Samwell-Smith i bandet Box of Frogs i lag med dei originale Yardbirds-medlemmane Chris Dreja og Jim McCarty. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Yardbirds i 1992.
Produsent
[endre | endre wikiteksten]Samwell-Smith fekk stor suksess som produsent og produserte suksessrike album for Cat Stevens, Jethro Tull, Carly Simon, Renaissance, Murray Head, Chris de Burgh, Beverley Craven, Illusion og Claire Hamill, i tillegg til to album for Amazing Blondel for Island Records og dei to første albuma til All About Eve for Mercury. Samwell-Smith var òg medprodusent «American Tune» med Paul Simon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Samwell-Smith» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2018.