Muriel Hurtis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Muriel Hurtis
Muriel Hurtis French Athletics Championships 2013 n01.jpg
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 25. mars 1979
Bondy
Idrett friidrett
Yrke sprinter

Muriel Hurtis (fødd 25. mars 1979) er ein Frankrike fransk friidrettsutøvar frå Bondy som har tevla på sprindistansane. Ho vart europameister på 200 meter i 2002, og vann gullmedaljar på den korte stafetten under EM 2002 og VM 2003, samt på den lange stafetten under EM 2014. Hennar personlege rekordar er 10,96 på 100 m (2002), 22,31 på 200 m (1999) og 51,41 på 400 m (2010).

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hurtis vart juniorverdsmeister på 200 meter i 1999. Same sesongen tok Frankrike, med Hurtis på laget, sølv i 4 x 100 meter stafett under friidretts-VM på ny fransk rekord, 42,06 sekundar, like bak Bahamas. To år seinare var ho med då Frankrike vann eit nytt VM-sølv den korte stafetten, då med tida 42,39.

I 2002 vann Hurtis 200 m i innandørs-EM. Sommarsesongen 2002 vart ho europameister på same distansen under friidretts-EM i München. Året etter fylgde ho opp med å vinne yndlingsdistansen og verte kåra til innandørs verdsmeister, etter at den raskaste i feltet, Michelle Collins frå USA, vart diskvalifisert for brot på dopingreglane.

På heimebane i VM 2003 i Paris tok Hurtis bronse på 200 meter med tida 22,59. Avslutningsdagen i meisterskapen vann ho gull i lag med Patricia Girard-Léno, Sylviane Félix og Christine Arron då det vart siger i 4 x 100 meter stafett, med knapp margin til USA.

Frå 2004 heldt ikkje Hurtis same høge nivå og makta såleis ikkje å hamle opp med dei aller beste på 200 m. Ho vart under Sommar-OL 2004 i Aten slått ut allereie i kvartfinalane. Men saman med Félix, Arron og Véronique Mang fekk ho bronse på den korte stafetten, bak Jamaica og Russland. Korkje i VM 2005 i Helsinki, VM 2007 i Osaka eller i OL 2008 i Beijing klarte ho å kvalifisere seg til ein finale.

Etter 2008 gjekk Hurtis over til helst å tevle på 400 meter. Her hadde ho størst suksess då ho sprang andreetappen for det franske gull-laget på 4 x 400 stafett då Zürich var vertsby for europemeisterskapen 2014. Dei andre gullvinnarane var Marie Gayot, Agnes Raharolahy og Floria Guei.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]