Musikkgruppa .38 Special

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
.38 Special
Rock band .38 Special in 2010.jpg
.38 Special (2010)
OpphavJacksonville i Florida i USA
AktivSidan 1974
SjangerSouthern rock, hardrock, arena rock, countryrock, bluesrock
Tilknytte artistarLynyrd Skynyrd, Van Zant, Grand Funk Railroad
PlateselskapA&M
MedlemmerDon Barnes
Bobby Capps
Gary Moffatt
Barry Dunaway
Jerry Riggs
Tidlegare medlemmerDonnie Van Zant
Jeff Carlisi
Jack Grondin
Steve Brookins
Ken Lyons
Larry Junstrom
Carol Bristow
Dale Krantz
Nancy Henderson
Lu Moss
Steve McCray
Lynn Hineman
Max Carl
Scott Meeder
Scott Hoffman
Danny Chauncey

38 Special (stundom skrive .38 Special) er eit amerikansk rockeband skipa av Donnie Van Zant og Don Barnes i 1974 i Jacksonville i Florida.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Donnie Van Zant, den yngre broren til Lynyrd Skynyrd-frontmannen Ronnie, byrja å spele musikk for seg sjølv i tenåra, og skipa bandet Standard Production i 1968, som bana veg for Sweet Rooster, det første profesjonelle bandet hans, som han skipa i 1969 med gitaristen Jeff Carlisi og bassisten Ken Lyons, og etter kort tid fekk dei med seg trommeslagaren Steve Brookins. Carlisi slutta i Sweet Rooster etter han var ferdig med vidaregåande skule for å studere arkitektur ved Georgia Tech og vart erstatta av Don Barnes i 1970. Brookins slutta òg for å arbeide som lastebilsjåfør og Sweet Rooster vart lagt ned i 1973.

Likevel fortsette Van Zant, Barnes og Lyons å arbeide med andre band, medan dei arbeidde i vanlege jobbar på dagtid. På fritida skreiv dei originale songar i lag. I 1974 kom dei fram til at det var på tide å gjere noko ut av planane sine og skipe «det ultimate bandet» i eit siste forsøk på suksess. Van Zant vurderte å ta ein betre betalt jobb for jernbaneselskapet han arbeidde for, men vart til slutt overtydd av broren Ronnie om å hald seg til musikk, sidan det var i blodet hans.

Det nye bandet bestod av Van Zant, Barnes, Lyons, Brookins, ein andre trommeslagar i Jack Grondin og Carlisi.[2] Bandnamnet kom etter ei hending der karane øvde i eit lager. Folk i området hadde klaga på bråk og politiet møtte opp. Bandet kom seg ikkje ut fordi noko hadde hengd ein hengelås på døra. Ein av politimennene sa «Det er greitt. Me lar denne .38 special-pistolen ta seg av snakkinga», og skaut låsen av.[3]

No dei no hadde fått namnet sitt brukte gruppa det meste av 1975 og 1976 på å halde konsertar, hovudsakleg i sør og i Midtvesten. Etter kvart fann storebroren Ronnie ut at Donnie og bandet hadde slite lenge nok, og sette dei i kontakt med manageren til Lynyrd Skynyrd, Peter Rudge, som òg tok seg av The Who og var turnémanager for The Rolling Stones. Rudge fekk raskt gruppa til å bli oppvarmingsartistar for andre populære artistar som Peter Frampton, Foghat og Kiss, og fekk dei ein platekontrakt med A&M Records. Selskapet sette Dan Hartman (frå Edgar Winter Group) til å produsere det første albumet deira, .38 Special, som kom ut i mai 1977.[2]

Like før albumet kom ut, valte bassisten Ken Lyons å slutte i bandet. Han vart erstatta av venen og det originale Lynyrd Skynyrd-medlemmet Larry Junstrom, som hadde medverka på eitt spor på debutplata.

Bandet valte i 1977 òg å ta inn to kvinnelege korsongarar, Carol Bristow og Dale Krantz (før ho slutta i 1979 for å fronte Rossington Collins Band og til slutt gifta seg med Skynyrd-medlemmet Gary Rossington). Krantz vart erstatta av Nancy Henderson (1979–1981), Lu Moss (1981–1984) og Lynn Hineman (1986–1987) før dei ikkje lenger hadde korsongarar som medlemmar i bandet etter 1987.

I oktober 1977 mista Ronnie Van Zant livet i då flyet til Lynyrd Skynyrd styrta. Donnie skreiv «Take Me Back» som ein hyllest til broren, som var med på det andre albumet deira, Special Delivery (mars 1978), som òg vart produsert av Hartman.[2]

1980–1999[endre | endre wikiteksten]

Dei to første albuma deira var stort sett dominert av ein southern rock-stil. Innan tidleg i 1980-åra hadde .38 Special gått mot ein meir publikumsvenleg, gitardriven arena rock utan at dei heilt gav opp southern rock-røtene sine.[2] Dette skiftet gav dei ei rekkje suksessrike album og singlar. Lydteknikaren Rodney Mills, som hadde arbeidd med Atlanta Rhythm Section og andre, tok over som produsent og Survivor-medlemmet Jim Peterik var ofte medlåtskrivar på songane deira frå 1979 og frametter.

«Rockin' into the Night», tittelsporet på det tredje albumet deira (frå oktober 1979), som Peterik og bandkollegaene hans opphavleg hadde skrive for Survivor, vart i staden gjeven til .38 Special. Han vart sungen av gitaristen Don Barnes (som kom til å syngje solovokal på alle hittane deira fram til 1987) og vart den første songen deira som vart spelt på nasjonal radio. Han nådde 43. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1980.[2]

Dette bana veg for det fjerde albumet deira, Wild-Eyed Southern Boys (januar 1981) som selde til platinaplate, og den større hitten «Hold On Loosely», som nådde 27. plassen i 1981.[2]

Det neste albumet deira, Special Forces (mai 1982),[2] med topp 10-hitten «Caught Up in You», som var skriven av Barnes og Carlisi med Peterik. Denne nådde toppen av Billboard's Album Rock Tracks-lista, og det same gjorde singelen «If I'd Been the One» (oktober 1983) frå albumet Tour de Force. «You Keep Runnin' Away» (august 1982) og «Back Where You Belong» (februar 1984) var hittar som følgde.

Hausten 1984 fekk dei ein ny hit med «Teacher, Teacher» frå filmmusikken til Teachers, skriven av Jim Vallance og Bryan Adams. Songen nådde fjerdeplassen på Billboard Top Tracks Chart, og låg ti veker inne på lista.

I 1984 turnerte 38 Special med nykomarane Huey Lewis and the News akkurat i det karrieren deira skaut fart, og i 1986 delte dei scene med Bon Jovi samstundes med at karrieren deira òg tok av.

I 1987 valte Don Barnes å slutte i bandet for å satse på sin eigen karriere.[2] Han spelte inn albumet Ride the Storm, som skulle ut i 1989, men som vart skrinlagd etter at A&M Records vart selt. Det kom først ut i 2017.

Samstundes gjekk gruppa vidare og henta inn gitaristen Danny Chauncey, etter at trommeslagaren Steve Brookins òg valte å slutte, og songaren og klaverspelaren Max Carl frå rhythm and blues-bandet Jack Mack & the Heart Attack.[2]

Det neste albumet deira, Rock & Roll Strategy (juni 1988),[2] bestod av tung gitarrock og meir klaverdominert 80-talspop, leia av Carl. «Second Chance» (frå Rock & Roll Strategy) gjekk til topps på Billboard Adult Contemporary-lista tidleg i 1989.

Carl var òg songaren på «The Sound of Your Voice» (33. plassen på Billboard Hot 100 i 1991) frå Bone Against Steel (juli 1991), der gruppa flytta frå A&M til det britiske Charisma Records.[2] Same året kom Bobby Capps inn i bandet som klaverspelar og songar, og trommeslagaren Scott Meeder erstatta Jack Grondin etter at Grondin valte å forlate musikkdindustrien. Då Charisma la inn årene i 1992, hadde ikkje lenger bandet eit selskap.

Max Carl valte å slutte i bandet etter ein turné i 1992 og Don Barnes kom då attende. Sidan den gongen har bandet stort sett vore aktive som turnéband, og berre stundom gjeve ut nytt materiale. Scott Hoffman tok over på trommer etter Meeder seinare i 1992. Donny Baldwin (tidlegare i Jefferson Starship) tok over for Hoffman i 1996, etter at Hoffman braut armen, men Gary «Madman» Moffatt (tidlegare i Cactus) har vore trommeslagaren i bandet sidan 1997.

Tidleg i 1997 var den originale gitaristen Jeff Carlisi lei av dei mange turneane og valte å slutte i bandet for å skipe Bonnie Blue Band, som førte til supergruppa Big People, i lag med Benjamin Orr (frå The Cars), Liberty DeVitto (frå bandet til Billy Joel), Derek St. Holmes (tidlegare Ted Nugent) og Pat Travers.

38 Special heldt fram og gav ut Resolution i juni 1997, der singelen «Fade to Blue» nådde 33. plassen på Mainstream Rock-lista i 1997. I september 2001 gav bandet ut A Wild-Eyed Christmas Night og Drivetrain kom ut i juli 2004. Fleire album har med original musikk har ikkje 38 Special gjeve ut, men har halde fram å spele konsertar etter 2000. Sidan 2019 har besetninga i bandet bestått av Don Barnes, klaverspelaren og vokalisten Bobby Capps, trommeslagaren Gary Moffatt, Dunaway, og gitaristen Jerry Riggs. Dermed er det berre Don Barnes som er det originale medlemmet att, sjølv om Barnes ikkje var med i gruppa frå 1987 til 1992.

25. juni 2019 hadde The New York Times Magazine med 38 Special på lista over dei mange hundre artistane som fekk originallydbanda til innspelingane sine øydelagd i Universal-brannen i 2008.[4]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

  • Don Barnes – solo- og korvokal, solo- og rytmegitar, munnspel, mandolin, klaverinstrument (1974–1987, sidan 1992)
  • Bobby Capps – klaverinstrument, kor- og solovokal (turnémedlem 1988–1991; sidan 1991)
  • Gary «Madman» Moffatt – trommer, perkusjon (sidan 1997)
  • Barry Dunaway – bassgitar, korvokal (turnémedlem 2011, 2013; sidan 2014)
  • Jerry Riggs – sologitar, korvokal (sidan 2019)

Tidlegare medlemmar

  • Donnie Van Zant – solo- og korvokal, gitar (1974–2013)
  • Jeff Carlisi – sologitar (1974–1997)
  • Jack Grondin – trommer, perkusjon (1974–1991)
  • Steve Brookins – trommer, perkusjon (1974–1987)
  • Ken Lyons – bassgitar (1974–1977; døydde 2012)[5]
  • Larry Junstrom – bassgitar (1977–2014; døydde 2019)
  • Steve McRay – klaverinstrument, munnspel, korvokal (1986–1987)
  • Max Carl – solovokal, klaverinstrument (1987–1992)
  • Danny Chauncey – sologitar, korvokal, klaverinstrument (1987–2019)
  • Scott Meeder – trommer, perkusjon (1991–1992)
  • Scott Hoffman – trommer, perkusjon (1992–1997)

Turnémedlemmar

  • Carol Bristow – korvokal (1977–1987)
  • Dale Krantz Rossington – korvokal (1977–1979)
  • Billy Powell – klaverinstrument (1977–1980)
  • Nancy Henderson – korvokal (1979–1980)
  • Lu Moss – korvokal (1981–1984)
  • Lynn Hineman – korvokal (1986–1987)
  • Donny Baldwin – trommer, perkusjon (1996; vikar for Scott Hoffman)

Studiomusikarar

Besetningar

1974–1977 1977–1986 1986–1987
  • Don Barnes – solovokal, gitar, mandolin, klaverinstrument, munnspel
  • Donnie Van Zant – solovokal, gitar
  • Steve Brookins – trommer, perkusjon
  • Jeff Carlisi – gitar
  • Jack Grondin – trommer, perkusjon
  • Ken Lyons – bass
  • Don Barnes – solovokal, gitar, mandolin, klaverinstrument, munnspel
  • Donnie Van Zant – solovokal, gitar
  • Steve Brookins – trommer, perkusjon
  • Jeff Carlisi – gitar
  • Jack Grondin – trommer, perkusjon
  • Larry Junstrom – bass, gitar
  • Don Barnes – solovokal, gitar, mandolin, klaverinstrument, munnspel
  • Donnie Van Zant – solovokal, gitar
  • Steve Brookins – trommer, perkusjon
  • Jeff Carlisi – gitar
  • Jack Grondin – trommer, perkusjon
  • Larry Junstrom – bass, gitar
  • Steve McRay – klaverinstrument, munnspel, korvokal
1987–1991 1991–1992
  • Donnie Van Zant – solovokal, gitar
  • Jeff Carlisi – gitar
  • Jack Grondin – trommer, perkusjon
  • Larry Junstrom – bass, gitar
  • Max Carl – solovokal, klaverinstrument
  • Danny Chauncey – gitar, korvokal
  • Donnie Van Zant – solovokal, gitar
  • Jeff Carlisi – gitar
  • Larry Junstrom – bass, gitar
  • Danny Chauncey – gitar, korvokal
  • Bobby Capps – klaverinstrument, vokal
  • Scott Meeder – trommer, perkusjon
1992–1997 1997–2013 2013–2014 2014–2019
  • Don Barnes – solovokal, gitar, mandolin, klaverinstrument, munnspel
  • Donnie Van Zant – solovokal, gitar
  • Jeff Carlisi – gitar
  • Larry Junstrom – bass, gitar
  • Danny Chauncey – gitar, korvokal
  • Bobby Capps – klaverinstrument, vokal
  • Scott Hoffman – trommer, perkusjon
  • Don Barnes – solovokal, gitar, mandolin, klaverinstrument, munnspel
  • Donnie Van Zant – solovokal, gitar
  • Larry Junstrom – bass, gitar
  • Danny Chauncey – gitar, korvokal
  • Bobby Capps – klaverinstrument, vokal
  • Gary Moffatt – trommer, perkusjon
  • Don Barnes – solovokal, gitar, mandolin, klaverinstrument, munnspel
  • Larry Junstrom – bass, gitar
  • Danny Chauncey – gitar, korvokal
  • Bobby Capps – klaverinstrument, vokal
  • Gary Moffatt – trommer, perkusjon
  • Don Barnes – solovokal, gitar, mandolin, klaverinstrument, munnspel
  • Danny Chauncey – gitar, korvokal
  • Bobby Capps – klaverinstrument, vokal
  • Gary Moffatt – trommer, perkusjon
  • Barry Dunaway – bass, korvokal
2019–present
  • Don Barnes – solovokal, gitar, mandolin, klaverinstrument, munnspel
  • Bobby Capps – klaverinstrument, vokal
  • Gary Moffatt – trommer, perkusjon
  • Barry Dunaway – bass, korvokal
  • Jerry Riggs – gitar, korvokal

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «.38 Special». VH1. All Media Guide. 2007. Arkivert frå originalen 2009-12-07. Henta 19. desember 2020. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 Colin Larkin, red. (1995). The Guinness Who’s Who of Heavy Metal (Second utg.). Guinness Publishing. s. 360/1. ISBN 0-85112-656-1. 
  3. .38 Special's Don Barnes talks Hold on Loosely, Decades TV Network (YouTube channel, uploaded Nov 16, 2018)
  4. Rosen, Jody (25. juni 2019). «Here Are Hundreds More Artists Whose Tapes Were Destroyed in the UMG Fire». The New York Times. Henta 20. desember 2020. 
  5. «Kenneth Lyons, 59, of Mount Sinai Road dies in Winston-Salem». JournalPatriot.com. North Wilkesboro, North Carolina, United States: Wilkes Journal-Patriot. 25. mai 2012. Henta 19. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]