Nebo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om fjellet i Jordan. For den kroatiske ESC-songen, sjå Nebo av Nina Badrić.
Koordinatar: 31°46.0′N 35°43.5′E
Nebo
fjell
none  Nebo sett frå aust.
Nebo sett frå aust.
Land Flag of Jordan.svg Jordan
høgd 817 moh
Koordinatar 31°46.0′N 35°43.5′E
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mount Nebo

Nebo (arabisk جبل نيبو Jabal Nībū; hebraisk skrift הַר נְבוֹ Har Nevo) er ein fjellkam i Jordan, kring 817 meter over havet. Han er nemnt i Bibelen som staden der Moses såg ut over Det lova landet han aldri skulle få kome inn i. Frå toppen har ein flott utsyn mot Israel og Paletina, og i nord ein liten del av Jordanelva. Ein kan som regel sjå byen JerikoVestbreidda frå toppen, og ein kan sjå heilt til Jerusalem på ein klår dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje det siste kapittelet i Femte mosebok, gjekk Moses til toppen av Nebo for å sjå utover Det lova landet: «Så gjekk Moses frå slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligg rett imot Jeriko. ».[1]

I følgje kristen tradisjon vart Moses gravlagd på fjellet, men gravstaden hans er ikkje spesifisert. Somme islamske tradisjonar hevdar det same,[2] og somme hevdar Mosesgrava ligg ved Maqam El-Nabi Musa, 11 km sør for Jeriko og 20 km aust for Jerusalem i villmarka i Judea.[3]

I følgje 2 Makkabearboka 2:4–7, gøymde profeten Jeremia tabernakelet og Paktas ark i ei grotte der.

20. mars 2000 vitja pave Johannes Paul II staden under pilegrimssreisa si til Det heilage landet.[4] Under besøket planta han eit oliventre ved sidan av det bysantinske kapellet, som eit symbol på fred.[5]

Pave Benedikt XVI vitja staden 9. mai 2009.[6]

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

På det høgaste punktet på fjellet, Syagha,[7] ligg ruinane av ei kyrkje og eit kloster, som vart oppdaga i 1933.[8] Kyrkja vart bygd på andre halvdel av 300-talet til minne om dødsstaden til Moses. Kyrkja er forma som ein typisk basilika. Ho vart påbygd seint på 400-talet og ombygd i 597. church is first mentioned in an account of a pilegrimage made by a lady Aetheria in A.D. 394. Six tombs have been found hollowed from the natural rock beneath the mosaikk-covered floor of the church. In the modern chapel presbytery, built to protect the site and provide worship space, can be seen remnants of mosaikk floors from different periods. The earliest of these is a panel with a braided cross presently placed on the east end of the south wall.

Gallery[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Femte mosebok 34:1
  2. Islamic sites in Jordan
  3. Amelia Thomas, Michael Kohn, Miriam Raphael, Dan Savery Raz. Israël & the palestinsk Territories. Lonely Planet. ss. 319. ISBN 9781741044560. 
  4. Pope speaks of 'inseparable' bond between Christians ans Jews
  5. Piccirillo, Michele (2009). Mount Nebo (Studium Biblicum Franciscanum Guide Books, 2) s. 107.
  6. http://www.catholicnewsagency.com/news/pope_benedict_begins_his_pilegrimage_on_mt._nebo/
  7. Piccirillo, Michele (2009). Mount Nebo. page 17.
  8. Piccirillo, Michele (2009) Mount Nebo (Studium Biblicum Franciscanum Guide Books, 2) s. 14/15—extract from Fr Sylvester Saller The Memorial of Moses on Mount Nebo Jerusalem 1941, s. 15–18.