Neslefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neslefamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Neslefamilien Urticaceae
Juss., 1789

Neslefamilien er ein plantefamilie i roseordenen som er utbreidd overalt i tempererte og tropiske strøk. I familien finn ein mellom anna nesle, kinagras og stoveplanten husfred.

Familien inneheld rundt 2625 artar grupper i 53 slekter, ifølgje databasen til Royal Botanic Gardens i Kew og Christenhusz og Byng (2016).[1] Den største slekta er Pilea (500-715 artar), Elatostema (300 artar), nesleslekta Urtica (80 artar) og Cecropia (75 artar). Cecropia omfattar mange plantar som lever i mutualisme med maur.[2]

Dei fleste av plantane i familien er urter. Blada sit spreidd eller motsett. Blomane er som oftast eittkjønna med enkelt, friblada blomedekke, fire blomedekkblad, fire pollenberarar og eitt fruktblad. Pollenberarane sit bøygd inn i blomeknoppane. Når knoppan sprett elastisk opp fyk pollenet ut. Fruktene er nøtter eller steinfrukter.

I Noreg veks det 2 nesleartar vilt - stornesle (Urtica dioica) og smånesle (Urtica urens). Nesle er ein medisinurt og matplante.

Slekter[endre | endre wikiteksten]


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«neslefamilien» i Store norske leksikon, snl.no.