New Super Mario Bros. 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
New Super Mario Bros. 2
New Super Mario Bros. 2 logo.svg
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
Produsent(ar)Takashi Tezuka
Plattform(er)Nintendo 3DS
UtgjevingJP: 28. juli 2012
EU: 17. august 2012
NA: 19. august 2012
SjangerPlattform
Spelemodusfleirspelar, einspelar, tospelar

New Super Mario Bros. 2 er eit todimensjonalt plattformspel i New Super Mario Bros.-serien, utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS i 2012. Det er det tredje spelet i serien, ein direkte oppfølgjar til Nintendo DS-spelet New Super Mario Bros. frå 2006, og det første spelet publisert av Nintendo som vart utgjeve samtidig innan digital og fysisk distribusjon.[1]

Handlingsgangen i spelet liknar forgjengarane og fokuserer på Mario og Luigi som skal redde prinsesse Peach frå Bowser og lakeiane hans. Det strekker seg over 9 verder med totalt 85 nivå, nokre av dei med fleire utgangar som leier til ulike ruter og nivå. New Super Mario Bros. 2 legg større vekt på å samle myntar enn andre Super Mario-spel, med fleire unike oppgraderingar og hjelpemiddel dedikert til å produsere store kvantum av myntar. Spelet inkluderer ein modus kalla «Coin Rush» som utelukkande fokuserer på å raskt fullføre seriar av nivå medan ein samlar inn så mange myntar som mogeleg. Ytterlegare Coin Rush-nivå vart gjorde tilgjengelege som betalt innhald kort etter utgjevinga av spelet.[2]

New Super Mario Bros. 2 fekk hovudsakleg positiv kritikk, men nokre påpeikte at spelet var for likt dei tidlegare New Super Mario Bros.-spela. Det er det femte mestseljande spillet til Nintendo 3DS, med 13,34 millionar selde kopiar per 31. mars 2020.[3] Spelet har ein Metascore på 78 %, som gjer det til det lågast rangerte spelet i Super Mario-serien.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nintendo-published 3DS, Wii U games downloadable on release day». Eurogamer. 27. april 2012. Henta 15. oktober 2020. 
  2. «New Super Mario Bros. 2 DLC detailed». Eurogamer. 28. september 2012. Henta 15. oktober 2020. 
  3. «IR Information: Sales Data - Top Selling Title Sales Units - Nintendo 3DS Software». Nintendo. 30. juni 2019. Henta 15. oktober 2020. 
  4. «New Super Mario Bros. 2 for 3DS Reviews». Metacritic. Henta 15. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]