Super Mario Land 2
Super Mario Land 2: 6 Golden Coins | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo R&D1 |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Kreativt ansvarleg(e) | Hiroji Kiyotake Takehiko Hosokawa |
Produsent(ar) | Gunpei Yokoi |
Komponist(ar) | Kazumi Totaka |
Serie | Super Mario |
Plattform(er) | Game Boy |
Utgjeving | JP: 21. oktober 1992 NA: 2. november 1992 EU: 28. januar 1993 |
Sjanger | Plattform |
Spelemodus | Einspelar |
Super Mario Land 2: 6 Golden Coins er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Game Boy. Det er ein oppfølgjar til Super Mario Land frå 1989 og vart gjeve ut i Japan oktober 1992, i Nord-Amerika november 1992 og i Europa januar 1993. Spelet vart gjeve ut på nytt til Nintendo 3DS gjennom Virtual Console i 2011.[1]
Super Mario Land 2 er utvikla av regissør Hiroji Kiyotake i staden for skaparen av Mario-serien, Shigeru Miyamoto. Musikken vart komponert av Kazumi Totaka, og er eit av dei tidlegaste verka hans. Den korte signatursongen hans, «Totaka's Song», er gøymt i spelet og kan høyrast på Game Over-skjermen etter 2 minuttar og 30 sekundar.[2]
I Super Mario Land 2 tek spelaren rolla som Mario. Han vil vinne attende slottet sitt som har vorte stole av Wario, ein illkyndt dobbeltgjengar av Mario. For å kome inn i slottet, må Mario samle seks gylne myntar som er vakta av følgjesmennene til Wario i ulike soner på øya Mario Land. Etter å ha samla alle myntane, får Mario tilgjenge til slottet og kan nedkjempe dobbeltgjengaren. Super Mario Land 2 er kjent som spelet der figuren Wario debuterer.[3] Han vart seinare hovudperson i biproduktet Wario Land-serien, som startar med oppfølgjaren Wario Land: Super Mario Land 3.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Super Mario Land 2: 6 Golden Coins Review». IGN. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «Inside Nintendo 38: Super Mario Land wird 25! (Teil 2)». nintendo-online.de. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «Super Mario Land 2: 6 Golden Coins Review». Nintendo Life. Henta 3. juni 2018.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad (på japansk)