New Super Mario Bros. U
New Super Mario Bros. U | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Kreativt ansvarleg(e) | Masataka Takemoto |
Produsent(ar) | Takashi Tezuka Hiroyuki Kimura |
Komponist(ar) | Mahito Yokota, Shiho Fujii |
Plattform(er) | Wii U, Nintendo Switch |
Utgjeving | Wii U NA: 18. november 2012 EU: 30. november 2012 JP: 8. desember 2012 Nintendo Switch 11. januar 2019 |
Sjanger | Plattform |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
New Super Mario Bros. U er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Wii U i november 2012 i Nord-Amerika og Europa, og i desember 2012 i Japan. Det er det fjerde spelet i New Super Mario Bros.-serien. Ein ekstra kampanje kom ut som nedlastbart innhald i 2013, kjent som New Super Luigi U. Denne kampanjen kunne også kjøpast som eit separat spel.[1]
Spelet vart utgjeve til Nintendo Switch 11. januar 2019 under tittelen New Super Mario Bros. U Deluxe. Denne utgåva inkluderer både originalspelet og New Super Luigi U, i tillegg til ein ny spelefigur, Toadette.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «I år stråler Luigi i rampelyset». Gamer.no. 15. februar 2013. Henta 14. juli 2019.
- ↑ «Desse spela gler vi oss til i januar». Gamer.no. Henta 14. juli 2019.