Super Mario World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Super Mario World
Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie Mario
Sjanger Plattform
Spelmodus Einspelar, fleirspelar (1-2)
Plattform(er) SNES, GBA, Virtual Console
Utgjeving
Aldersgrense PEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G

Super Mario World (スーパーマリオワールド) er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo som eit lanseringsspel for Super Nintendo Entertainment System. Det vart gjeve ut i Japan november 1990, i Nord-Amerika august 1991 og i Europa april 1992. I likskap med tidlegare spel i Super Mario-serien handlar Super Mario World om Mario og Luigi som skal frigjere prinsesse Toadstool, som er blitt bortført av Bowser.

Spelet har blitt omlaga og gjeve ut på nytt tre gonger til no; først kombinert med Super Mario All-Stars for SNES i 1994, etter det som ei omlaging i Super Mario Advance-serien for Game Boy Advance, og nylegast som ei digital nedlasting frå Virtual Console for Wii.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i spelet går føre seg i eit nytt område kalla for «Dinosaur Land», til skilnad frå tidlegare Mario-spel som tek utgangspunkt i Sopperiket (en: Mushroom Kingdom). Mario og Luigi tek med seg prinsesse Toadstool på ein ferie i dette nye landet, men ho blir snart bortført av Bowser. Målet til Mario-brørne er å redde prinsessa, og dei får hjelp frå ein ny alliert, Yoshi. Spelet er delt inn i kontinenta i Dinosaur Land, og kvar av desse har fleire nivå. På slutten av kvart kontinent ligg det ei borg. Her held det til ein «Koopaling», av totalt sju, som spelaren må nedkjempe for å berge eit Yoshi-egg. På slutten av spelet må spelaren slåst mot Bowser.

Nivåa i spelet blir synt på eit kart som spelaren kan flytte seg rundt på. Ved å kome seg gjennom eit nivå, frå start til slutt, vil nye vegar bli danna på kartet slik at ein kan nå nye område. Mario og Luigi kan nytte utstyr for å få seg nye eigenskapar. Ein sopp gjer dei større, eldblomen lèt dei skyte eldkuler og stjerna gjer dei usårlege ein periode. Nytt i spelet er ei fjør som gjev Mario eller Luigi ei kappe som dei kan svive med, og dinosauren Yoshi som Mario-brørne kan ri på. Yoshi kan rulle ut tunga for å ete frukt eller fiendar, og kan gå på nokre underlag som Mario og Luigi elles ville ha tatt skade av. Om Yoshi et skjelpaddeskal med visse farger vil han få nye eigenskapar, som å kunne flyge eller spy eld.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]