Whanganui National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Whanganui National Park
Whanganiu River
Whanganiu River
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Manawatu-Wanganui
Wanganui, Stratford
Oppretta 1986
Geografi
Flatevidd
 - Nasjonalpark

742,31 km²
Koordinatar 39°33′0″S 175°5′0″EKoordinatar: 39°33′0″S 175°5′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Administrert av Department of Conservation.
Plassering
Whanganui National Park is located in New Zealand
Plassering på Nordøya.

Nasjonalparken Whanganui National Park vart oppretta i 1986 og utgjer eit 742,31 km² stort naturbasert område langs elva WhanganuiNordøyaNew Zealand.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Områda kring Whanganui River er berre tynt busette, større busetnadar er fråverande, fråsett byen Wanganui ved elvemunningen. Likevel spela elva, som var den lengste seglbare vassvegen på New Zealand, ei sentral rolle i historia til landet. Gjennom fleire hundre år nytta māoriane henne som ferdselsveg mellom kysten og innlandet, og dei dyrka jorda langs elvebreiddene[1]. På samme måten var elva ein viktig farveg for dei første europeiske innvandrarane medan det enno ikkje var bygd vegar i området. Frå 1891 transporterte elvebåtar menneske og varer opp og ned Whanganui. I dag, lenge etter at skipstrafikken er erstatta av veg og bane, er elva eit paradis for padlarar, som kvart år i tusental kan nyta den naturlege venleiken og dei historiske stadane i Whanganui nasjonalpark frå vatnet. Elles er det lagt opp til opplevingar både for fotturistar og terrengsyklistar i parken[2]. Her spenner også «Brua til ingen stad» (Bridge to Nowhere) seg over ei djup slukt, utan vegsamband på nokon av sidene. Brua vart bygd i 1935-36 då det var planar om å opna opp Mangapurua-dalen for busetjing, noko ein seinare gjekk bort frå[1].

Geografi og vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Whanganui National Park ligg i hjarta av eit stort innlandsområde på Nordøya. Frå skråningane til vulkanen Tongariro renn elva Whanganui River - den tredje lengste på New Zealand - i talrike svingingar gjennom dette området. Langs den midtre delen til elva strekkjer nasjonalparken seg langs båe elvebreiddene. Landskape her er delvis kupert, delvis flatt. Sjølv om det ikkje er høge fjell her, har Whanganui og sideelvene somme stadar laga spektakulære landskapsformasjonar gjennom erosjon. Høgdedraga ligg frå kring 500 til 746 moh. Det lokale klimaet generelt temperert, med varme somrar, milde til kjølige vintrar, og, med ei for New Zealand å vera, gjennomsnittleg nedbørsmengde.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparken er nesten fullstendig skogkledd. Dei dominerande treslaga er gultrefamilien (latin: Podocarpaceae, nåletre på den sørlege halvkula) og ulike stadeigne lauvtre. I høgda er det mest bøkeskog. Eit botanisk høgdepunkt er trebregnar. Skogane langs breiddene til Whanganui er tilhaldsstad for talrike stadeigne songfuglartar; ved elva ser ein enno dei sjeldne newzealandske kaskadeendene. Av andre fuglar kan ein sjå maoridue (kererū), maoriviftestjert, tuihonningetar, raudstrupe, igatagerygone, maoriflugeskvett og nordbrunkivi.[1] I elva finst mellom anna ålar, aure, flyndre og niauge.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield, D. Hall (2006) Rough Guide to New Zealand, s. 301-308 – Rough Guides, New York - London - Delhi. ISBN 1-84353-679-X.
  2. Welcome to Wades Landing Outdoors - stay and play. Wades Landing Outdoors (2012). Vitja 25. november 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]