Nikolai Lima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolai Lima
Fødd 6. mars 1845
Død

2. februar 1922

Nikolai Larsson Lima (6. mars 18452. februar 1922) var ein norsk lærar, lensmann og politikar frå Gjesdal. Han representerte Moderate VenstreStortinget 1890-97 og likeeins Frisinna Venstre valperioden 1910-12.

Lima var son til ein gardbrukar. Etter å ha vorte seminarist frå Holt seminar i 1867, arbeidde han på kontor i Stavanger. Frå 1870 til -76 var han lærar i byen. I tida 1876-88 var han gardbrukar på Oftedal i Gjesdal og andrelærar ved amtsskulen for Jæren og Dalane. I 1885 busette han seg på garden Njå i Time og dreiv denne, jamsides lærargjerninga. Ordførar i Time i 1888. Frå 1888 var Lima lensmann, fyrst i Skudenes, sidan i frå 1892, og i Høyland frå 1897. Han var magistrat i Sandnes frå 1898.

Lima møtte på Stortinget i 1890 og 1891 i staden for Olaus Eskeland, som til liks med alle representantane frå amtskrinsen Stavanger sokna til Moderate Venstre. Han var då medlem i Jarnbanekomiteen. Periodane 1892-94 og 1895-97 var han fast representant på Tinget, begge periodane medlem i Vegkomiteen. Mange år seinare, 1910-12, var han stortingsmann att, då frå einmannskrinsen Jæren og for Frisinna Venstre, eit parti tufta på ruinane av Moderate Venstre, på ny medlem i Vegkomiteen.

Lima var med i Den parlamentariske tariffkommisjonen av 1896, ein departemental veglovskomite og 1906-08 i Komiteen om gjennomføring av lausgjengerlova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]