Nikoleta Kyriakopoulou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikoleta Kyriakopoulou

08953 Νικόλ Κυριακοπούλου.JPG

Fødenamn Νικολέτα Κυριακοπούλου
Statsborgarskap Hellas
Fødd 21. mars 1986
Aten
Idrett friidrett
Yrke stavhopper, friidrettsutøvar

Nikoleta Kyriakopoulou (fødd 21. mars 1986) er ein gresk stavhoppar frå Aten. Ho vann bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen 2012 og i verdsmeisterskapen 2015, i 2018 tok ho sølvmedaljen i EM.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 2009 sigra Kyriakopoulou i stavhopp då mellomhavsleikane fann stad i Pescara på ny personbeste 4,50 meter. Gjennom 2011-sesongen hadde ho fin framgang og forbetra seg til 4,71 m ved eit stemne i London. Året etter tok ho bronsemedaljen ved europameisterskapen i Helsinki. Den 4. juli 2015 sette ho personleg rekord med 4,83 meter i eit DL-stemne i Paris, nokre veker etter klarte ho 4,80 m i Beijing-VM og vann bronsen bakom Yarisley Silva (4,90 m) og Fabiana Murer (4,85 m). Under EM 2018 i Berlin hoppa Kyriakopoulou på ny 4,80 m og syrgde for gresk dobbeltsiger ettersom landskvinna Ekateríni Stefanídi vann gull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]