Nils Jørgen Gregersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Jørgen Gregersen
Fødd15. juni 1840
Død1924
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, skribent
BarnIngeborg Gregersen

Nils Jørgen Gregersen (15. juni 18401924) var ein norsk offiser, forfattar og stortingsmann frå Kristiania.

Gregersen var son til ein børsemakar i hovudstaden. Han gjekk krigsskulen frå 1856 til -60 og var deretter tilslutta Trondhjems infanteribrigade, avanserte til kaptein i 1872. Frå 1864 til 1883 budde han i Volda og arbeidde som veginspektør for Sunnmøre og ein del av Nordfjord. I 1891 vart Gregersen utnemnd til oberstløytnant i Telemarkske linjebataljon, med bustad i Skien. Perioden 1893-98 var han oberst i Bergenske brigade, budde i Vik i Sogn. Til sist sjef 1898-1905 for Kristiansandske brigade, busett i Kristiansand.

Medan han budde i Volda, var Gregersen varaordførar i kommunen frå 1872 til -80. I tillegg var han forlikskommissær og medlem av matrikkelkommisjonen. Valbolken 1880-82 representerte han Romsdals amtStortinget, sameleis ved omframtstortinget 1882. På Tinget var han medlem av militærkomiteen og slutta seg til venstreopposisjonen. Han flytta til Trondheim i 1883 og var medlem av bystyret frå 1887. Gregersen var medlem av to statlege utval; Militærkommisjonen av 1880 og Vårsildkommisjonen.

Gregersen var ein ivrig jeger og fiskar og gav ut verket Norges Natur i 1909. Året etter kom Hvem berøvede Kong Oscar den norske Krone?. Elles forfatta han fleire militære avhandlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]