Hopp til innhald

Norah Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norah Lange

Statsborgarskap Argentina
Fødd 23. oktober 1905
Buenos Aires
Død

5. august 1972, 4. august 1972 (66 år)
Buenos Aires

Yrke skribent, romanforfattar, lyrikar
Sjanger dikt, memoar
Far Gunnar Lange
Ektefelle Oliverio Girondo
Norah Lange på Commons
Familiefoto fra 1911. Norah Lange som seksåring ytterst til høyre
Norah Lange sin familie i Colonía Alvear i 1911. Bak frå venstre: Berta, Juan Carlos, Gunnar, Irma og Norah. Framme frå venstre: Ruth, Haydée og Maria Cristina
Oliverio Girondo

Norah Lange (fødd Nora Lange; 23. oktober 19055. august 1972) var ein argentinsk forfattar av norsk opphav. Ho var sentral i det litterære avantgarde-miljøet i Buenos Aires i 1920- og 1930-åra. I 1920-åra debuterte ho med tekstar i dei ultraistiske tidsskrifta Prisma, Proa og Martín Fierro. Ho skreiv hovudsakleg poesi og romanar, to delvis sjølvbiografiske bøker og gav ut to samlingar med talar.

Ho fekk den høgaste argentinske litteraturprisen, «Grand Premio de Honor», i 1959, men etter sin død har ho vore meir omtalt som Jorge Luis Borges si musa enn som forfattar. Fyrst etter 2000 er nokre av bøkene hennar blitt omsette til andre språk, og interessa for bøkene hennar har auka.

Lange var ein av ni søsken som var barn av den norske innvandraren Gunnar Lange og argentinske Berta Erfjord, som hadde norsk far og irsk mor. Tre av syskena døydde som spedbarn.[1] Gunnar Lange var utdanna ingeniør då han utvandra til Argentina. Der fekk han arbeid som topograf, takstmann og landsmålar. Han døydde då Norah var ti år.

Familien var del av den øvre middelklassen i Buenos Aires, og heimen deira var ein samlingsstad for kunstnarar og forfattarar. Mora var jamleg vertinne for litterære soarear, og Lange kom tidleg i kontakt med fleire kjende kunstnarar. Ho blei venn med forfattarar som Jorge Luis Borges, Pablo Neruda og Federico Garcia Lorca. Ho rekna Borges som sin første læremeister, sin «døropnar til lykka».[1]

Bortsett frå seks år i provinsen Mendoza (1909–1915), der faren var blitt utnemnd til administrator av den vesle byen Colonía Alvear, budde ho heile livet sitt i Buenos Aires.[1][2]

Ho heldt kontakten med Noreg heile livet. Systera Ruth hadde gifta seg med ein nordmann, og 19 år gammal drog Norah til Oslo for å vitja henne, som einaste passasjeren på eit lasteskip.[3]

I 1943 gifta ho seg med den 15 år eldre argentinske diktaren Oliverio Girondo. Han var ideologisk motstandar av Borges, som hadde betydd mykje for Norah i byrjinga av karrieren hennar. Girondo var ein velståande, ekstravagant og provoserande surrealist, som Norah blei djupt forelska i som 23-åring. Etter at han hadde vore ei tid i Europa og kom tilbake til Buenos Aires, gifta dei seg og heldt deretter saman heile livet.[3]

Ho reiste mykje, åleine og med ektemannen, men vende alltid tilbake til Buenos Aires. Her skreiv ho, og heldt fram med å halda litterære samlingar slik mor hennar hadde gjort.[4]

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Etter levetida si har Lange hovudsakleg vore hugsa og omtalt som inspirasjon og muse for Borges, for gruppa av skribentar bak tidsskriftet Martín Ferrero og for ultraistrørsla, men Lange var også forfattar sjølv. Ho skreiv banebrytande avantgarde-prosa som blei godt motteken i samtida. I 1959 vann ho den høgaste litteraturprisen i Argentina, Gran Premio de Honor, frå den argentinske forfattarforeininga Sociedad Argentina de Escritores (SADE).[5]

Jorge Luis Borges introduserte Lange for ultraismen, ei litterær rørsle som fremja bruken av metaforar, frie vers og lokale neologismar.[3]

Ho byrja forfattarkarrieren sin med å skriva poesi, og debuterte 20 år gammal med diktsamlinga La calle de la tarde (Ettermiddagsgata) i 1925. Borges skreiv eit svært rosande forord. Seinare skreiv Lange fleire diktsamlingar, men det er romanane og dei delvis oppdikta memoarane sine ho blir hugsa for. Den fyrste av desse, Cuadernos de infancia (Notatbok frå ein barndom, 1937), førte til eit gjennombrot og gav henne strålande meldingar og prestisjetunge prisar. Dette er den einaste boka hennar som har vore tilgjengeleg i bokhandlar i nye opptrykk heilt sidan ho vart gitt ut for fyrste gong.[6] I 1944 kom «bind 2», Antes que mueran (Før dei døyr). Romanene Personas en la sala (Personar i rommet) og Los dos retratos (Dei to portretta) blei også godt mottekne. Ho skreiv i tidsskrifta Proa og Martín Fierro, og var kjend for dei strålande talane ho heldt i selskap til ære for medforfattarane sine.[4]

Lange var oppteken av, og heldt seg oppdatert på, litteraturen i det opphavlege heimlandet til faren. Den siste diktsamlinga hennar, El rumbo de la rosa, inneheld fleire dikt som viser til Noreg. I 1930 skreiv ho ein artikkel i avisa La Nación der ho nemnde Asbjørnsen og Moes eventyr og fleire norske forfattarar, mellom anna den fjerne slektningen sin Alexander Kielland (ein fetter av faren).[7] Hovuddelen av artikkelen brukte ho til å skriva om favorittdiktaren sin, Herman Wildenvey. Ho likte også Camilla Collett, og skreiv ein artikkel om hennar kjærleiksliv og romanen Amtmandens Døtre.[3]

I 1933 gav ho ut den delvis sjølvbiografiske romanen 45 días y 30 marineros (45 dagar og 30 sjømenn), der hovudpersonen Ingrid gjennomfører ei tilsvarande reise som den ho sjølv hadde utført ni år tidlegare frå Argentina til Noreg.[3]

Under andre verdskrigen skreiv ho artiklar relatert til den tyske okkupasjonen av Noreg i den antifascistiske argentinske avisa Argentina Libre og i den spanske El Mundo.[8]

Samlingsverk

[endre | endre wikiteksten]
  • Obras completas (Samla verk), 2006

Diktsamlingar

[endre | endre wikiteksten]
  • La calle de tarde (Ettermiddagsgaten), 1925. Illustrert av Norah Borges, prolog av Jorge Luis Borges
  • Los días y las noches (Dagene og nettene), 1926.
  • El rumbo de la rosa (Rosens vei), 1930.
  • Voz de la vida (Livets stemme), 1927.
  • 45 días y 30 marineros (45 dager og 30 sjømenn),1933.
  • Cuadernos de infancia (Notatbok frå ein barndom), basert på virkelige hendelser, 1937.
    • Oversatt til norsk av Gunstein Bakke: Notatbok frå ein barndom. 2015
  • Antes que mueran (Før de dør), basert på virkelige hendelser,1944.
  • Personas en la sala (Personer i rommet), 1950.
  • Los dos retratos (De to portrettene), 1956.
  • El cuarto de vidrio (Glassrommet) Publisert posthumt i Obras completas, bind II, 2006.
  • Discursos (Taler), 1942.
  • Estimados congéneres (Høyt aktede likesinnede). Utvidet versjon av Discursos, 1968.
  • Papeles dispersos (Spredte papirer). Upubliserte tekster samlet av Susana Lange fra Norah Langes notatbøker og utklipp, 2012.

Omsetjingar

[endre | endre wikiteksten]

Fyrst etter 2000 kom det ut omsetjingar av nokre av bøkene hennar, til mellom anna italiensk, tysk, engelsk og norsk.

Den første omsetjinga til engelsk av ei av bøkene hennar kom ut 68 år etter at originalen blei gjeven ut. Personas en la sala kom ut på engelsk i 2018 med tittelen People in the Room, omsett frå spansk av Charlotte Whittle.[9] Den engelske omsetjinga førte til nominasjonar til to litteraturprisar.

Per 2022 er det berre Cuadernos de infancia som er komen ut på norsk: Notatbok frå ein barndom, omsett frå spansk av Gunstein Bakke.

Den spanske originalen har gitt henne både anerkjenning og prisar. Ho hadde fått dårleg kritikk for den førre romanen sin, 45 días y 30 marineros (1933), men gjennom arbeidet med han hadde ho innsett at ho kunne gjera kva ho ville med språket. I Cuadernos de infancia gav ho avkall på alle konvensjonar. Boka er ein delvis oppdikta sjølvbiografi, basert på verkelege hendingar, men det finst ingen datoar, kronologi eller lineær rekkjefølgje av hendingane, og det er heller ikkje alltid klart kven kapitla handlar om.[3]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Primer Premio Municipal for Cuadernos de infancia, 1937.[10]
  • Tercer Premio Nacional for Cuadernos de infancia, 1939.[10]
  • Grand Premio de Honor, Sociedad Argentina de Escritores (SADE), 1959.[5]
  • Kortlista til «Warwick Prize for Women in Translation» for People in the Room (Personas en la sala) i 2019.[11]
  • Nominert (langlista) til «Translated Book Awards» for People in the Room i 2019.[12]

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Den argentinske forfattaren og filmskaparen Mirko Stopar, som er busett i Noreg, laga filmen Havfruen om bord (2021) om Norah Lange.[13][14]

  1. 1,0 1,1 1,2 Aira, Cesar (25. november 2016). «Om Norah Lange, Jorge Luis Borges og Argentinas glemte norske kulturhistorie». Morgenbladet. 
  2. Norah Lange (på norsk bokmål). 23. oktober 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Stopar, Mirko (6. august 2022). «En oversett voyeur». Klassekampen: 28–29. 
  4. 4,0 4,1 «Norah Lange». And Other Stories (på engelsk). Henta 6. august 2022. 
  5. 5,0 5,1 «Norah Lange: finally, 'Borges's muse' gets her time in the spotlight». the Guardian (på engelsk). 2. august 2018. Henta 8. august 2022. 
  6. «Why Was Norah Lange Forgotten?». Electric Literature (på engelsk). 5. desember 2018. Henta 10. august 2022. 
  7. Gunnar Lange (på norsk bokmål). 29. juni 2022. 
  8. «A Second Birth: Argentine Master Norah Lange Gets Her Due». Words Without Borders (på engelsk). 6. august 2018. Henta 10. august 2022. 
  9. «People in the Room». And Other Stories (på engelsk). Henta 9. august 2022. 
  10. 10,0 10,1 Hermida, Carola (28. november 1997). «Cuadernos de Infancia de Norah Lange: convertir la propia historia en literatura». CELEHIS : Revista del Centro de Letras Hispanoamericanas (på spansk): 117–132. ISSN 2313-9463. Henta 8. august 2022. 
  11. «2019 Warwick Prize for Women in Translation shortlist announced». warwick.ac.uk. Henta 9. august 2022. 
  12. says, Judy Krueger (10. april 2019). «Best Translated Book Awards Names 2019 Longlists». The Millions (på engelsk). Henta 9. august 2022. 
  13. «Havfruen om bord». NFI (på norsk). Henta 6. august 2022. 
  14. «Havfruen om bord». BIFF 2021 (på norsk). Henta 6. august 2022.