Nordvik i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordvik
stad
Nordvik, Bergen1.jpg
Nordvik
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5243 FANA
Gardnummer 92

Nordvik er ein tettbygd stad på grensa mellom kommunane Bergen og Bjørnafjorden i Vestland fylke. Det meste av tettstaden ligg i Bergen. Staden ligg ved Nordvika i Lysefjorden.

Staden omfattar gardane Nordvik og Sagstad. Her er framleis gardsdrift.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden Nordvik høyrte til Lyseklostergodset til brukarane sjølve tok over i 1872-1875.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nordvik ligg på sørsida av Fanafjellet og nord for Lysefjorden. Gardsområdet strekkjer seg nordaustover forbi Nordvikvatnet til Ulvvatnet.

Garden Nordvik grensar til Sagstad i sør, Bjørnafjorden kommune i aust, Ytre Hamre i nordaust, Fana prestegard i nord, Rød i vest og Krokeide i sørvest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]