Krokeide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krokeide
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Areal 0,55 km²
Folketal 368  (2023)
Folketettleik 669 / km²
Postnummer 5244 FANA
Kart
Krokeide
60°14′00″N 5°18′00″E / 60.23333333°N 5.3°E / 60.23333333; 5.3
Wikimedia Commons: Krokeide

Krokeide er ein tettstad og ein gard i Bergen kommune i Vestland. Staden har 368 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg mellom Fanafjorden og Lysefjorden. Her er framleis gardsdrift.

Her ligg Krokeide skole og Krokeide videregående skole.

Frå Krokeide går det ferje til HufthamarHuftarøy i Austevoll.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av det norrøne Krókeið eller Krókeiðar. Det første leddet er av ukjend opphav, medan andre leddet syner til eidet som her ligg mellom Fanafjorden og Lysefjorden.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Krokeide ligg mellom Fanafjorden i nord og Lysefjorden i sør, og namnet syner til det 170 meter breie eidet mellom desse fjordane. Vest for eidet ligg Korsneset, ei halvøy mellom dei to nemnde fjordane, samt Korsfjorden i vest. Vestre del av Korsneset er utan busetnad, men dekkjer eit større militært område med utsikt mot Sotra og Austevoll og utover Korsfjorden til Marstein fyrstasjon.

Krokeide grensar til gardane Rød i nordaust og Nordvik i søraust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden, som opphavleg omafatta Korsneset høyrte opphavleg til Lyse kloster og Lyseklostergodset fram til brukarane sjølve tok over i 1870- og 1880-åra.

I eldre tider brukte ein å slepe båtane over det 170 meter lange eidet, for å unngå å segle rundt Korsneset, som ligg ope til ut mot havet ved Korsfjorden.

Tidlegare låg det eit granittbrot på garden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.