Norsk okkupasjonsberedskap i etterkrigstida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk okkupasjonsberedskap i etterkrigstida, tidlegare kalla «Stay Behind» med kodenamn ROC og seinare kalla «Okkupasjonsberedskap» er nemningar på det arbeidet som det norske Forsvaret organiserte i etterkrigstida frå 1948, med målsettjing å kunna gjennomføra evakuering, sabotasje og etterretning på norsk jord under ein eventuell okkupasjon. Dette var ei tid då den kalde krigen var komen i gang og frykta for Stalins kommunistiske Sovjetunionen var påtakeleg. Verksemda skulle baserast på røynsler som var gjort under andre verdskrigen.

Verksemda vart organisert i såkalla nett med oppgåver innanfor etterretning, evakuering av nøkkelpersonar og sabotasje. Nettene fekk seinare ei felles oppbygging og nemninga «Stay Behind».

Femmannsgruppa[endre | endre wikiteksten]

Forlauparene til Stay Behind-systemet var private etterretningsgrupper som dreiv politisk overvåkning og førebudde motstand mot eventuelle sovjetiske okkupantar. Enkelte av desse gruppene samarbeidde med styresmaktene.

Femmannsgruppa som vart danna i 1947 av sentrale personar i næringslivet med røynsle frå motstandsarbeidet under krigen var ei av desse gruppene. Gruppa etablerte 20 distrikt og opererte eit etterretnings- og sambandsapparat i form av eit radionettverk som skulle tre ikraft etter ein okkupasjon – operasjon Saturn, og eit føretaksvern – operasjon Jupiter. Gruppa starta òg systematisk registrering av kommunistar og -sympatisørar.

Våren 1948 vart Femmannsgruppen underlagd Etterretningstenesta.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Ingeniør og motstandsmann Per Røed.
  • Innehavar av Fortuna mekaniske Verkstad, Jens Olav Lien (Oslo 1907-)
  • Adm. dir. i Frydenlunds Bryggeri, Theodor Frantz Waldemar Stoud Platou (1892-1969), viss far, Waldemar Stoud Platou, var med på etableringa av Norsk Spisevognselskap i 1918
  • Overrettsakfører og Milorg-mann Carsten Lütken
  • Teknisk direktør i Alcan International, Axel Taranger (1898-1967)
  • Generaldirektør i Norsk Philips, Rolf Fredrik Riise (1900-)

Stay Behind[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet med det offisielle Stay Behind-systemet vart initiert av forsvarsminister Jens Chr. Hauge i 1948. Grunnlaget for oppbygginga av organisasjonen var det arbeidet som var igangsett av Femmannsgruppen i samarbeid med Etterretningstjenesta. I 1950 var organisasjon operativt under leiing av Jens Henrik Nordlie, og bestod av tre delar:

  • Rocambole (ROC) som bestod av små grupper med løynlege lager av våpen og anna utstyr. Desse gruppene skulle driva sabotasje mot mål på okkupert område og sikra fasilitetar som enno var under norsk kontroll.
  • Lindus som var eit nettverk av etterretningsagentar, inkludert ei gruppe som skulle ta seg av evakuering av visse typar norsk og alliert personell dersom landet vart angripen.
  • Blue Mix var eit nettverk som skulle berga allierte soldatar som hamna bak linjene til fienden, t.d. flyvere som måtte naudlanda eller hoppa ut i fallskjerm.

Frå 1950 vart finansieringen av systemet delt mellom USA, Storbritannia og Noreg, dette helt fram til slutten av 1960-talet då den utanlandske støtta fall bort og okkupasjonsberedskapen vart vidareført med norske midlar. Norske styresmakter la vekt på at Stay Behind-apparatet skulle vera under nasjonal kontroll.

Operasjon Gladio[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Operasjon Gladio.

Dei norske «Stay Behind»-gruppene var del av ei større heile. I ettertid er det særleg to omgrep som er vorte ståande som samlebegrep for desse løynlege einingane: Stay Behind eller – meir utbreidd – Operasjon Gladio (etter den italienske varianten, som var den første som vart kjent i offentligheten). Slike grupper vart oppretta cirka 1948 eller seinare i Belgia (kodenamn SDRA8), Danmark (kodenamn Absalon), Frankrike, Hellas, Italia (Organizzazione Gladio), Luxembourg, Nederland (I&O), Portugal (Aginter), Spania, Tyrkia (Counter-Guerrilla) og Tyskland (TD BDJ), og like så i nøytrale europeiske land som Finland, Sverige, Sveits (P26) og Austerrike (OWSGV).

Den delen av den norske verksemda som var sabotasje, vart vedteke nedlagt i 1983. Dei neste årå vart alle lager med våpen og utstyr, som var spreidd rundt i Noreg, trekt inn.

Til den faste staben i «Stay Behind» vart det først rekruttert folk med røynsle frå andre verdskrig. Etter kvart rekrutterte ein erfarne og trudde seg til offiserar med eigna militær bakgrunn til nøkkelstillingane i organisasjonen. Nemninga «Stay Behind» vart endra til «Okkupasjonsberedskap». Til den landsomfattande delen av beredskapsorganisasjonen har ein rekruttert nordmenn med varierande bakgrunn. Omfanget av, tilknytinga til einskildpersonar til og i lang tid òg sjølve eksistensen av «Stay Behind-gruppene» var løynleg.[1]

Frå 1971 vart utdanninga av feltpersonellet i stor grad knytt til eit utdannings- og øvingssenter der det har vore gjennomført ein etterretningsmessig utdanning med utgangspunkt i ein tenkt okkupasjonssituasjon. «Stay Behind» og seinare «Okkupasjonsberedskap» har alltid vore underlagt Etterretningstenesta. Sjefen for Okkupasjonsberedskaporganisasjonen har rapportert om verksemda til Sjef for etterretningstjeneste (SJE). SJE har igjen rapportert vidare til Forsvarssjefen og Forsvarsministeren.

Hemmelighaldinga av «Stay Behind»-gruppene vart vanskeleggjord i Noreg frå 1978, sidan våpenlageret hos Hans Otto Meyer då vart oppdaga i samband med ein politietterforskning.

Eksistensen av slike grupper elles i Europa vart verande løynleg fram til 1990, då organisasjonen med kodenamnet Gladio vart avdekt i Italia. Den italienske regjeringa vart utsett for skarp kritikk, og lova å avvikla denne «løynlege hæren». Italias regjering hevda til sit forsvar at slike «løynlege hærar» fanst eller hadde eksistert i alle andre vesteuropeiske land, og dermed tok det ikkje lang tid før det eine etter den andre av gruppene i andre land vart avdekte.

I byrjinga på 1990-talet fekk Stay behind-sjefen eit spørsmål frå MI5-agenten John Kenning som var stasjonert ved den britiske ambassaden i Oslo om hjelp til å skaffe stolne våpen fra eit norsk militært lager, og lurte på om han kunne skaffe ein nordmann til oppdraget. Dei norske våpnena var tenkt brukt i en falsk flagg provokasjon mot den nordirske terrororganisasjonen IRA, etter at det vart kjent at flere drap på britisk jord var utført med våpen fra det norske forsvaret. Stay behind-sjefen tok kontakt med Espen Lie, profesjonell leigesoldat og pengeinnkrever, for oppdraget. På grunn av lekkasje i systemet, var Espen Lie nær ved å verta drepen i oppdraget, som til slutt vart kansellert. [2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nyhetsspeilet.no/2011/09/stay-behind-norges-skjulte-statlige-monster-mafia/
  2. https://www.dagbladet.no/nyheter/flyktet-for-livet-med-ira-i-haelene-da-han-ble-avslort-som-hemmelig-agent-pa-stortinget/69867660