Nuria Fernández
Nuria Fernández | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 16. august 1976 (46 år) Luzern |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Nuria Fernández Domínguez (fødd 16. august 1976) er ein spansk tidlegare mellom- og langdistanseløpar, fødd i Luzern i Sveits. Ho vart europameister på 1500 meter i 2010. I 2012 fekk ho femte beste tid på same distansen under EM i Helsinki, prestasjonen til alle dei fire fremste i løpet har sidan vorte annullert.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Fernández nådde ikkje toppen på spesialdistansen 1500 meter før ho kom oppi 30-åra. Under verdsmeisterskapen 2009 i Berlin enda ho på fjerdeplassen, vel sju tidels sekund unna bronsen. Ved europameisterskapen 2010 på spansk heimebane i Barcelona spurta ho i mål på personleg rekord 4.00,2 og vann gullmedaljen. I den neste europameisterskapen, i Helsinki i juni 2012, passerte ho målstreken som nummer fem. Perioden 2013 til -16 vart løpa til dei fire framom henne på resultatlista annullert, med ulike grunngjevingar.
Fernández deltok i Zürich-EM 2014 på 5 000 meter og vart nummer fem på ei ordinær sluttid. To månader før ho fylte 40 år sette ho personleg rekord på 5 000 m med 15.24,1 ved eit stemne i Huelva.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- EM 1998 i Budapest: Utslått i forsøket på 800 m (2.04,89=nr 31)
- VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøket på 1500 m (4.09,3=nr 20)
- OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.10,9=nr 19)
- VM 2001 i Edmonton: Nr 12 på 1500 m – 4.17,8
- EM 2002 i München: Nr 8 på 1500 m – 4.07,1
- OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.07,6=nr 17)
- EM 2006 i Göteborg: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.08,9=nr 14)
- VM 2009 i Berlin: Nr 4 på 1500 m – 4.04,9
- EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje på 1500 m – 4.00,2, framom Hind Dehiba (4.01,1)
- EM 2012 i Helsinki: Nr 5 på 1500 m – 4.08,8
- OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.06,5=nr 21)
- EM 2014 i Zürich: Nr 5 på 5 000 m – 15.35,5
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Nuria Fernández» frå Wikipedia på tysk, den 1. september 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Nuria Fernández» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2019.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1976
- Spanske mellomdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett for Spania
- Spanske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Spanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Spanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012