Nygård kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nygård kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Bergen domprosti
Sokn Nygård
Stad Nygård på Laksevåg
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Alvsaker & Vaardal-Lunde
Material Mur
Innvigd 8. oktober 1972
Støpul Frittståande, åpen klokkestøpul sørvest for kyrkja
Klokker 2 klokker frå O. Olsen & Søns klokkestøperi, Nauen, Tønsberg, 1972
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Firesida, lukka, mura opp av upussa tegl
Døypefont I betong
Altartavle Per Odd Aarrestad (2013)
Orgel Vestres orgel- og pianofabrikk, Haramsøy, 1972
Sitjeplassar 470

Nygård kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1972 som ligg på Nygård på ytre Laksevåg i Bergen.

Ein tok opp planen om å byggja ei kyrkje på Nygård rett etter andre verdskrigen tok slutt. Det vart utarbeidd planar til ei ny kyrkje i 1954, men økonomiske grunnar førte til at det ikkje vart noko av planane den gongen.

Gravplassen for Laksevåg kyrkje låg på Nygård, og det vart behov for å byggja større gravkapell der. I 1962 blei det semje for å løysa kyrkjespørsmålet og kapellspørsmålet under eitt og byggja ny kyrkje. Grunnsteinen til den nye kyrkja vart lagt ned 29. november 1970, og Nygård kyrkje vart innvigd den 8. oktober to år seinare. Nygård vart eige sokn frå og med 1. januar 1973.

Kyrkja er bygd i mur. Taket over kyrkjerommet er forma som ein sekskanta, skeiv pyramide med toppunkt over alteret.

Kyrkja fekk nytt inventar i 2013.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergen kyrkjelege fellesråd

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]