St. Markus kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Markus kyrkje
kyrkje
St. Markus kirke DSC 0512.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Bergen domprosti
Sokn Løvstakksiden
Stad Gyldenpris
Type Langkyrkje
Periode Funksjonalisme
Arkitekt Sverre Losnedahl og
Nicolay Brøndmo
Material Teglstein
Innvigd 12. februar 1939
Tårn mot nordvest
Skip Einskipa kyrkje
Klokker To klokker, frå O. Olsen & Sønn klokkestøperi Nauen, Tønsberg.
Kyrkjegard Nei
Preikestol Firkanta, dekorert stol på rund fot
Døypefont Åttekanta, av finért tre
Altartavle Kristusmåleri
Orgel Frobenius, 1939
Sitjeplassar 600
Wikimedia Commons: St. Markus kirke (Bergen)

St. Markus kyrkje er ei langkyrkje frå 1939 som står på Gyldenpris i Årstad bydel i Bergen.

Gyldenpris vart overflytta frå Laksevåg kommune til Bergen allereie i 1921. Innbyggjarane her sokna til Årstad kyrkje den fyrste tida etterpå. I 1931 vart det lyst ut arkitekttevling for langskipskyrkje med klokketårn, der arkitektane Losnedahl og Brøndmo sitt forslag vart føretrekt. Etter godkjenninga frå kyrkjedepartementet i 1935 tok bygginga til, og kyrkja stod ferdig i 1939. Ho er ei av dei få kyrkjene i Noreg som hovudsakleg er utforma i funksjonalistisk stil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]