Solheim kyrkje i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°22′21.202″N 5°20′7.7748″E

Solheim kyrkje
kyrkje
Solheim kirke Bergen DSC 0684.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Bergen domprosti
Sokn Løvstakksiden
Fellesråd Bergen
Arkitekt Peter Andersen
Innvigd 23. september 1956
Klokker 1, Olsen Nauen Klokkestøperi
Kyrkjegard Nei
Altartavle Bjørn Tvedt (1956): Bergpreika
Orgel J.H. Jørgensen
Sitjeplassar 330
Wikimedia Commons: Solheim kirke, Bergen

Solheim kyrkje er ei langkyrkje i Bergen kommune i Hordaland fylke.

Kyrkja vart oppført i 1956 som soknekyrkje for Solheim sokn (skilt ut frå Årstad 1957[1]). Dette er sidan slått saman med St. Markus sokn til nye Løvstakksiden sokn.[2] Kyrkja vart vigsla 23. september 1956 og har 330 sitjeplassar.

Altartavla har form av eit freskomåleri som dekkjer heile fondveggen. Det vart måla av Bjørn Tvedt i 1956 og framstiller Bergpreika. Kyrkja har òg eit lite altarkrusifiks.

Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja, men Solheim kapell og gravplass er ikkje langt unna.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Bergen
  2. Bergen byleksikon, jf. Kirken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]