Odd Højdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Højdahl
Fødd 5. januar 1921
Oslo
Død

23. februar 1994

Yrke politikar, fagforeiningsleiar

Odd Højdahl (5. januar 192123. februar 1994) var ein norsk fagforeiningsleiar og politikar for Arbeidarpartiet. Han var nestformann i LO i perioden 1969-1977, og statsråd og sjef for sosialdepartementet i Trygve Bratteli si første regjering i perioden frå 17. mars 1971 til 18. oktober 1972.

Odd Højdahl var fødd i Oslo. Han studerte jus frå 1941 til 1943. Etter den andre verdskrigen arbeidde han som politimann eit år, før han tok arbeid innanfor offentleg administrasjon.

Han vart heiltids tillitsvald allereie i 1951, og steig deretter i gradene innan LO. Han var sekretær og leiar i Norsk Tenestemannslag, og var leiar for Statstenestemannskartellet frå 1964 til 1969. I 1969 vart han på LO-kongressen vald til nestformann i LO, eit verv han hadde fram til 1977.

Han blei i 1977 tilsett som direktør i Statens arbeidstilsyn, ei stilling han hadde fram til 1988.

Odd Højdahl var medlem av bystyret i Oslo i perioden 1953-1957. Han var varamann til Stortinget for Oslo i perioden 1961–1965.

Højdahl var styremedlem i Tiden Norsk Forlag, Arbeiderbladet og Den norske Creditbank.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]