Odem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°11′40″N 35°44′54″E
Odem
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Koordinatar 33°11′40″N 35°44′54″E
Syria location map3.svg
<div style="position:absolute; left:Feil i uttrykket: Ukjent punktumsteikn, «[»px; top:Feil i uttrykket: Ukjent punktumsteikn, «[»px; padding:0;">
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Odem

Odem (hebraisk אֹדֶם eller אודם) er ei israelsk busetjing, ein moshav shitufi, som ligg nord i Golanhøgdene. Han ligg i Har Odem, i ei høgd på 1090 meter over havet, og er den nest høgastliggande busetjinga i israelskokkuperte territorium. Han er omgjeve av Odemskogen. Odem tyder rubin og syner til raudfargen på berget i fjellet her. Fjellet er ein utdøydd vulkan. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]

Dei israelske styresmaktene godkjende grunnlegginga av busetjinga i 1975, og ei gruppe ungdomar slo seg ned i den fråflytta syriske militærbasen. Dei fleste av dei første nybyggjarane flyttar der frå, hovudsakleg på grunn av låge temperaturar og kraftig vind. Dei som var att tok i mot ei ny gruppe i 1981 og den noverande busetjinga vart grunnlagd. Folkesetnaden var kring 150 i 1993, kring ein tredjedel av dei var barn. Odem vert styrt av Golan regionale kommune.

Hovudnæringa er ein fabrikk som produserer plastikk for møblar og ein optikkfabrikk som produserer vernelenser og briller. Odem Mountain Winery ligg òg her.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.