Ramot i Golanhøgdene
| Ramot | |||
| רָמוֹת | |||
| moshav | |||
| Namneopphav: «høgder» | |||
| Region | Golanhøgdene | ||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Golan regionale kommune | ||
| Koordinatar | 32°50′58″N 35°40′03″E / 32.84944°N 35.66750°E | ||
| Folketal | 274 (2006) | ||
| Grunnlagd | 1969 | ||
![]() Ramot i Golanhøgdene 32°50′58″N 35°40′03″E / 32.849444444444°N 35.6675°E | |||
| Wikimedia Commons: Ramot, Golan Heights | |||
Ramot (hebraisk רָמוֹת, tyder «høgder») er ein moshav og israelsk busetjing nær austbreidda av Genesaretsjøen vest i Golanhøgdene. Han er ein del av Golan regionale kommune. Namnet «Ramot» kjem av plasseringa på to åsar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]
I 1993 budde det 360 innbyggjarar i Ramot fordelt på 71 familiar. Av desse var 180 barn.
Busetjinga ligg kring 2 km aust for Genesaretsjøen og 7 km nord for Ein Gev.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Moshaven vart grunnlagd i 1969. Nybyggjarane budde opphavleg i husa i den fråflytta landsbyen Skopye, og flytta etter to år til ein mellombels stad, før dei i 1973 slo seg ned på den noverande plasseringa til Ramot.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Økonomien til samfunnet er basert på dyrking av bananer, mangoar, palmer, guava og avokado, blomar og kyllingavl og meieridrift.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Ramot er ein populær feriestad og her finst fleire hotell.[2].
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ramot, Golan Heights» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.
- ↑ http://www.ramotresort.com
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heimeside Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. (he)


