Eliad i Golanhøgdene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°48′18.21″N 35°44′2.86″E
Eliad
landsby
Region Golanhøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Golan regionale kommune
Koordinatar 32°48′18.21″N 35°44′2.86″E
Grunnlagd 1968
 - Grunnlagd av Nahal
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Eliad

Eliad (hebraisk אלי עד) er ei israelsk busetjing og ein moshav, sør i Golanhøgdene. Han vert styrt av Golan regionale kommune og i 2006 hadde han eit folketal på 264. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]

Israel erobra området frå Syria i juni 1967 i seksdagarskrigen. I 1968 vart Eliad grunnlagd som ei Nahal-busetjing, og vart ein moshav to år seinare. Han heitte opphavleg El Al (hebraisk אֶל עָל), «til værs», det same som det israelske nasjonale flyselskapet El Al, og seinare gjeve namnet Eli Al (hebraisk אֵלִי עַל), før han fekk det noverande namnet. Han har fått namn[2] «til minne om den israelske spionen Eli Cohen, som vart hengd i Syria.»[3]

Vingarden Château Golan ligg i Eliad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009. 
  2. Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.5, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk) Yizhaqi, Arie (ed.): Madrich Israel (Israel Guide: An Encyclopedia for the Study of the Land), Vol 1: Hermon and Golan, Jerusalem 1978, Keter Press, s.257 (hebraisk)
  3. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.143 , ISBN 965-220-186-3 (English)