Keshet i Golanhøgdene
Keshet | |||
moshav | |||
Distrikt | Nord distrikt | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
![]() Keshet i Golanhøgdene | |||
Wikimedia Commons: Keshet | |||
Keshet (hebraisk קֶשֶׁת) er ei israelsk busetjing, moshav shitufi, i Golanhøgdene. Han vart grunnlagd i 1974 etter Jom kippúr-krigen av Hapoel HaMizrachi nær den syriske byen Quneitra, som vart fråflytta og så lagt i grus under seksdagarskrigen.[1] Namnet er ei omsetjing av namnet Quneitra («boge»). Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Keshet vart grunnlagd i ei tid då det var våpenkvile etter Jom kippúr-krigen av nasjonale, religiøse demonstrantar som var i mot ei israelsk tilbaketrekking til førkrigsgrensa. Dei slo seg først ned i ein bunker i utkanten av Quneitra, men vart tvungen til å flytte til ein fråflytta syrisk gard då Quneitra vart gjeve attende til Syria som ein del av våpenkvileavtalen. Fire månader seinare godkjende dei israelske styresmaktene å opprette ei busetjing, og nybyggjarane flytta til ein annan mellombels stad i ein fråflytta syrisk militærleir lenger vest. Den noverande busetjinga vart grunnlagd i 1978.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Keshet ligg nær vulkankjegla Peres 710 meter over havet. Han ligg like sør for hovudveg 87 mellom Keshetavkøyrsla og Bashan-avkøyrsla. Folketalet i 2005 var 524.[3]
Økonomiet[endre | endre wikiteksten]
Samfunnet livnærer seg av jordbruk og turisme.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Keshet, Golan Heights» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Andrew Beattie, Timothy Pepper, The Rough Guide to Syria 2nd edition, s. 146. Rough Guides, 2001. ISBN 1-85828-718-9
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2015-11-23, henta 22. februar 2015