Bnei Yehuda i Golanhøgdene
Bnei Yehuda | |||
בְּנֵי יְהוּדָה | |||
landsby | |||
Region | Golanhøgdene | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Golan | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1972 | ||
![]() Bnei Yehuda i Golanhøgdene | |||
Bnei Yehuda (hebraisk בְּנֵי יְהוּדָה) er ei israelsk busetjing, ein moshav, som ligg sør i Golanhøgdene, administrert av Israel. Moshaven vart grunnlagd i 1972 og er ein del av Golan regionale kommune. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Vinteren 1885 grunnla medlemmar av Gamle Yishuv i Safed Beit Yehuda-samfunnet og kjøpte 15 000 dekar land frå landsbyen Ramthaniye sentralt i Golan.[2] På grunn av økonomiske vanskar og vanskar med å sikre ein kushan (osmansk landskøyte) vart staden fråflytta eit år seinare. Kort tid etter omgrupperte samfunnet seg og kjøpte 2 000 dekar land frå landsbyen Bir e-Shagum på vestsida av Golan.[3]
I 1890 vart det bygd seks hus med hjelp av Hovevei Zion frå London. I 1906 var folketalet 33, og landarealet var 3 500 dekar (3,5 km2). Ein Hashomer-plan for å busetje fleire bønder der i 1913 vart mislukka.[4][5] Jødane flykta etter Nebi Musa-opprøra i 1920.[6] Bernstein-familien var den siste som drog der frå, den 25. april 1920, etter at arabarane gjekk til åtak på landsbyen og drap to familiemedlemmar[7]
I dag[endre | endre wikiteksten]
Den moderne Bnei Yehuda vart grunnlagd i 1972 aust for den tidlegare staden, av arbaidarar ved Negev kjernefysiske forskingssentral og Israel Aircraft Industries, etter ønskj frå Jewish Agency.[8]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bnei Yehuda, Golan Heights» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.
- ↑ Separation of Trans-Jordan from Palestina, Yitzhak Gil-Har, The Jerusalem Cathedra, ed. Lee Levine, Yad Yitzhak Ben Zvi and Wayne State University, Jerusalem, 1981, s.306
- ↑ Reshaping Palestina: From Muhammed Ali to the Det britiske mandatet, 1831-1922, Martin Sicker
- ↑ M. R. Fishbach, Jewish property claims against Arab countries, Columbia University Press (2008), pp36-37.
- ↑ Aharonson, Ran. Rothschild and early Jewish colonization in Palestina, Rowman & Littlefield, 2000. pg. 98. ISBN 0-7425-0914-1
- ↑ Separation of Trans-Jordan from Palestine, Yitzhak Gil-Har, The Jerusalem Cathedra, ed. Lee Levine, Yad Yitzhak Ben Zvi and Wayne State universitet, Jerusalem, 1981, s.306
- ↑ Vilnai, Ze'ev (1976). «Benei-Yehuda». Ariel Encyclopedia. Volume 1. Israel: Am Oved. s. 955–57. (he)
- ↑ HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel. Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 145–46. ISBN 965-448-413-7. (he)