Olav Andresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Andresen
Fødd 15. april 1877

Heddal

Parti Arbeidarpartiet

Olav Andresen (fødd 15. april 1877) var ein norsk lærar og Arbeidarparti-politikar frå Heddal i Telemark.

Han var son til husmannfolk. Etter eksamen ved lærarskulen på Elverum i 1900 var han i to år lærar på Røros i Sør-Trøndelag. I 1903 tok han eksamen ved Otto Treider handelsskole i hovudstaden, og var så eit års tid kasserar i Heddal Sparebank. Frå 1904 til -13 var han lærar i Brandbu i Oppland. Sidan var han lærar på Notodden i 28 år fram til 1941.

Andresen var mykje med i styringa av Notodden i tida etter 1920. Mellom anna var han ordførar 1923-24 og 1928-31. Perioden 1925-27 var han 2. representant frå bykrinsen Notodden, Skien, Porsgrunn, Brevik, Kragerø, Risør, Arendal og GrimstadStortinget. På Tinget var han medlem av protokollkomiteen, samt av aksjonsnemnda som førebudde riksrettsaka mot regjeringa Abraham Berge. Andresen var medlem av Arbeidarpartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]