Ole Bjørnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Bjørnsen
Fødd 25. desember 1783
Død

17. april 1845

Ole Bjørnsen (Ole Bjørnsen Haukom) (25. desember 178317. april 1845) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Telemark.

Bjørnsen var son ein av gardbrukar i Lårdal. Han gjekk i lære hos biskopen i Kristiansand, og vart i 1802 skulehaldar og kyrkjesongar i Kviteseid i Telemark. Frå 1812 sat han i forlikskommisjonen i Kviteseid, tre år seinare kjøpte han garden Haukenes og busette seg der.

Bjørnsen vart innvald til Stortinget 1815-16 for Bratsbergs amt. Han var medlem av elleve komitear, mellom dei var valkomiteen, kyrkjekomiteen, om kongetiend i Østerdalen, om rikshospitalet og om lov om ettertrykk. Under forhandlingane var han ein av dei som dei andre bøndene lytta til. I spørsmålet om den såkalla Eidsvollsgarantien støtta han med kraft Wilhelm F. K. Christie sin argumentasjon for "garantien" (Nissen:115).

Etter å ha hamna på varamannsplass ved fleire stortingsval, vart Bjørnsen på ny innvald til tingsamlingane 1836 og 1836-37, sameleis i 1839 og 1842. I 1836, 1836-37 og 1839 var han i militærkomiteen, i 1842 av konstitusjonskomiteen. Han var i 1836 medlem av riksretten.

Bjørnsen var i fleire år ordførar i Kviteseid. Han var ein nær venn av Jens Zetlitz, som tileigna han 2. utgåve av Sange for den norske bondestand.

Bjørnsen døydde på garden sin i Kviteseid i 1845.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]