Ole Bremseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Bremseth
Fødd 2. januar 1961

Ole Bremseth (fødd 2. januar 1961) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Øvre Eiker. Under Ski-VM 1982 i Oslo vann han gull i lagkonkurransen i Holmenkollen, saman med Johan Sætre, Per Bergerud og Olav Hansson. Individuelt vann Bremseth i den same meisterskapen bronsemedaljen i hopp normal bakke i Midtstubakken, etter Armin Kogler og Jari Puikkonen. Bremseth representerte Hokksund.

Bremseth debuterte i verdscupen i Oberstdorf 30.12.1979. Etter to andreplassar i 1981-sesongen, kom hans store sesong i 1982. I februar og mars 1982 var han i sitt livs form, vann fyrst bronsemedaljen under VM i Oslo. Sidan vann Bremseth seks renn i verdscupen; to i Lahti, to i Štrbské pleso og to i Planica. Han enda på femteplass totalt i verdscupen den sesongen. Seinare var han aldri i nærleiken av same nivået som i 1982-sesongen. I NM-renn vann Bremseth ein sølvmedalje; i normalbakken i 1982, bak Roger Ruud. Sidan vann han to bronsemedaljar i NM 1983 og 1986. Alle medaljane kom i normalbakkar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1981: Nr 2 i to renn i Sapporo
  • 1982: VM-bronse i normalbakken. Seks sigrar i verdscuprenn, ein andre- og to tredjeplassar
  • 1983: Nr 3 i storbakken i Falun
  • 1986: Nr 9 i Oberwiesenthal

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1981: Nr 5 i normalbakken i Rælingen
  • 1982: Sølvmedalje i normalbakken på Raufoss
  • 1983: Bronsemedalje i normalbakken i Mo i Rana
  • 1984: Nr 9 i storbakken i Meldal
  • 1985: Nr 11 i storbakken i Bærum
  • 1986: Bronsemedalje i normalbakken på Vang
  • 1987: Nr 12 i normalbakken i Sprova

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar