Ole Gabriel Ueland
Ole Gabriel Ueland | |||
| |||
Fødd | 28. oktober 1799 Lund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 9. januar 1870 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, omgangsskolelærer, bonde | ||
Barn | Gabriel Olsen Ueland, Jonas Ueland | ||
Alle verv |
|
Ole Gabriel Ueland (28. oktober 1799–9. januar 1870) var ein norsk politikar og stortingsrepresentant. Ueland kom frå låge samfunnslag, men arbeidde seg fram til å verta ein leiande politikar. Han vert rekna som sentral i å folkeleggjera politikk i Noreg. Han bana vegen for at òg personar frå fattige kår kunne oppnå politiske posisjonar.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Ueland vart fødd som Ole Gabriel Gabrielsen Skaaland, den nest eldste av fie sysken, i ein bondefamilie på garden Skåland i Lund sokn i Dalane. Han lærte å lesa av mora, og gjekk to veker på ein skule tre mil vekke, men det var ingen skular i nærleiken, og få bøker. Han las interessert i det han fekk tak i, og synte ei evne til læring og lesing. Sytten år gamal vart han spurd om å undervisa borna i området, og hadde denne stillinga fram til 1825.
I 1825 gifta Ole Gabriel seg med odelsjenta Marthe Gurie Osmundsdatter Ueland, flytta til garden Ueland og tok gardnamnet som etternamn. Han vart kyrkjeklokkar og omgangsskulelærar i Heskestad i Lund kommune. Ole Gabriel Ueland hadde tiltru i distriktet, og fekk fleire kommunale verv. Han var mellom anna ordførar og lensmann i Heskestad.
Politikar
[endre | endre wikiteksten]I 1833 vart Ueland vald til Stortinget, der han sat som representant fram til 1869. Han vart leiar for bonderørsla innan politikk og fekk respekt for sitt politiske syn. I 1859 danna han saman med Johan Sverdrup den politiske samanslutninga Reformforeningen. Foreninga vart utgjort av stortingsrepresentantar i særleg grad gjekk inn for demokratiske reformer.
Ole Gabriel Ueland var far til Gabriel Olsson Ueland og Jonas Ueland, og farfar til journalisten og kvinnesaksforkjemparen Brenda Ueland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ole Gabriel Ueland av Rasmus Løland
- Om Ueland og Uelandsgate
- Moe, Bernt (1845), Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845
- Svendsen, Åsmund: Ole Gabriel Ueland i Norsk biografisk leksikon
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ole Gabriel Ueland i Norsk biografisk leksikon
- Ole Gabriel Ueland av Rasmus Løland
- Biografisk informasjon om Ole Gabriel Ueland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1799
- Døde i 1870
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1857-1858
- Stortingsrepresentantar 1859-1861
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar for Rogaland
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Lund