Oltedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oltedal
tettstad
Oltedal.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Gjesdal
Areal 0,58 km²
Folketal 996 (2017)
Folketettleik 1 717 / km²
Postnummer 4333 OLTEDAL

Oltedal
58°49′50″ N 6°2′29″ E

Oltedal er ein tettstad og skulekrins i Gjesdal kommune i Rogaland. Oltedal ligg 11 km aust for Ålgård og tettstaden har 996 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Oltedal kyrkje vart opna den 10. februar 2002.

Namnesoge[endre | endre wikiteksten]

Gamle namneformer har vore Optedal (1519), Olttedall (1521), Alttedal, Altedal og Oftedal. Namnet kjem frå fuglenamnet alpt (olpt) eller elptr som i gamal tid tydde 'svane'. Dalen har truleg fått namnet på grunn av svanar som overvintrar i Ragstjørn nedst i dalen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oltedal Kraftverk vart bygd av Stavanger kommune i 1909 for å forsyne byen med elektrisitet. Etter kvart vart det anlagt garnindustri her, Svanedal Ullvarefabrikk og Gjestal Spinneri. Dalen har fleire sandtak, og sand og grus vert lasta ut gjennom hamna i Oltesvik. Av anna aktivitet kan Styro Oltedal AS som vart etablert i 1983 nemnast.

Under krigen mobiliserte hæren ved Svanedal Ullvarefabrikk i april 1940. Utstyr vart frakta inn til Oltedal der soldatar frå Stavanger og Jæren vart dressa opp før dei rykte ut og møtte tyskarane ved Bråstein. Nordmennene vart raskt pressa attende til Dirdal der dei sette seg fast ved Dirdal og i Gloppedalsura. Under krigshandlingane søkte den lokale folkesetnaden tilflukt i Uburhedlaren som etter krigen vart rusta opp til tilfluktsrom.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 45 går gjennom dalen, men utanom tettstaden. Vegen gjennom dalen vart oppgradert i 2005 og 2006 og vart attopna rett før påska 2006. Frå riksvegen ved Gjestal Spinneri øvst i dalen går riksveg 508 til Høle.

Kulturliv[endre | endre wikiteksten]

Oltedal Musikkorps har vunne 3. divisjon i NM for brassband to gonger, i 1988 og 1992. Korpset har seinare slege seg saman med Ålgård Musikkorps og dannat Gjesdal Brass. Korpset tok andreplass i NM i 3. divisjon i 2006 og rykte opp i 2. divisjon.

Staden har òg ein fotballklubb, Oltedal FK, i 5. divisjon.

Klatreentusiaster brukar Trollsteinane til klatring.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]