Traktortilhengar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Traktortilhengar (påhengsvogn) med boggi og hydraulisk tipp.

Traktortilhengar kan vera einaksla eller toaksla, som Statens vegvesen kallar påhengsvogn og slepvogn.

Einaksle tilhengar[endre | endre wikiteksten]

Einaksla traktortilhengar (påhengsvogn).

Einaksle traktortilhengar (påhengsvogn) har ein aksling i bakkant, som òg kan vera ein boggiaksling. Akslingen/boggien er plassert så langt bak at ein stor del av tyngda til tilhengaren vert boren av traktoren. Dei er dermed ikkje balansert på same måten som ei påhengsvogn for lastebil. Føremonnen med dette er at traktoren får meir vekt på bakakselen og dermed betre framkommelegheit. At dei er lette å rygga med er òg ein føremon. Dette er den vanlegaste tilhengartypen for traktor i Noreg. Traktortiltilhengarar har ofte hydraulisk tipp.

Større utgåver er ofte utstyrte med boggi, både for å redusera marktrykket og for å auka lasteevna. Boggien fører òg til rolegare gange på ujamnt underlag. I Noreg har det ikkje vore vanleg med bremser på traktortilhengarar, men nokre store tilhengarar er utstyrte med hydraulisk bremser.

Draget på tilhengaren har eit auge som trekkroken på traktoren går gjennom. Trekkroken vert løfta med trepunktsopphenger på traktoren og låst i øvre stilling, så tilhengaren kan koplast til og frå utan å gå av traktoren. I det siste er det kome framlegg om å gå over til kulekopling [1]

Toaksla tilhengar[endre | endre wikiteksten]

Firehjuls traktortilhengar (slepvogn).

I flatt landskap er toaksla tilhengarar (slepvogn) utbreidde. Desse hengarane overfører ikkje noko av vekta til traktoren, så han vert ofte utstyrt med hjulvekter eller væskefylte dekk for å auka trekkevne. På grunn av det korte draget kan fireaksla hengarar lett få «saks» ved bremsing på glatt føre. I mange land er det difor påbod om at dei skal ha bremsar og det er vanleg at dei har trykkluftbremsar av same type som på lastebilar. Denne tilhengartpen vert kopla til traktoren med ein trekkbom.

Spesialhengarar[endre | endre wikiteksten]

Traktor med tømmerhengar i Vefsn.

Det finst mange spesialtilpassa tilhengarar for traktor, som sjølvlastarvogner, tømmerhengarar, gjødselspreiarar, åkersprøyter, osb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jøsang, D.I., Frykter ulykker med trekkrok. Bedre gardsdrift, 12/7-2006.